Viser arkivet for stikkord 2010

Veikingkonvoien 2010: Florø - Stavang - Eikefjord

Fredag 25. juni kl. 18:00 til søndag 27. juni 12:00, Florø - Stavang - Eikefjord

Vyrde Veiking!

Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Ålfotingar og
andre føter gjort at vi rustar oss til landets største båtkonvoi! Og etter å
ha byksa oss forbi talet 13, så feira Veikingkonvoien 15-års jubileum!
-som då er 1/10 av Florø sitt byjubileum.

Fredag dreg vi inn til idylliske Stavang, der Sponbaron Anders Haave
stiller med ein vakker våg, kaier, flytebrygger, servering og god
stemning. Sjølvsagt vert det kaidans der vi får svinga oss til smektande
perler og gnistrande rock, framført av Veikingarna (ex. Nybø Band…)
Sjølvsagt blir det servert kulinariske gleder for strupe og mage til langt
på natt! Hugs Brylcreme og Stomatol!

Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! Etter sortering av
dieselfilter, mjølkeglas, solkrem og kaviar, dunkar vi oss utover og
innover fjorden.
Våre etymologiske granskingar har elles synt oss eit artig dialekttrekk
frå Sentrum-2. Medan sunnmøringane prata halvemål og kutta vekk
bokstaven H fremst i orda, kutta desse fjordingane ut bokstaven V. I
jubileumsåret er det såleis naturleg for oss å ønske veikingane velkomne
til Veikefjord!

Her skal vi nyte det late liv; svinge oss i dansen, preike med gamle
kjende, spele gitar og synge åndelege songar. Sjølvsagt vert det mat og
drikke å få kjøpt. Veikefjord har elles mykje å by på for store og små, så
her bør det vere noko for heile familien!

Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet.
Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet
eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går
fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle
veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for
alle.

Støtt dei veike!! Veeel møøøtt!!

Serviceskyssen i Askvoll kommune

Mandag 21. juni kl. 12:00, Askvoll kommune

Serviceskyssen i Askvoll vil ha oppstart i veke 25. Serviceskyssen vil gå til Høgda i Kvammen på Torsdagar. Du ringjer Drosja og bestiller plass dagen før innen kl. 18:00. Du vert henta på døra og køyrt heim att. Det er liknande rutetilbod på Atløy, her går ruta på onsdagar. I Askvoll og Holmedal vil rutene gå tirsdagar. Sjå annonse i Firda 18.06.10.Nærare informasjon får du ved å kontakte Nærmiljøsentralen Askvoll.

Smartare vekst i Sogn og Fjordane?

Torsdag 29. april kl. 11:00 til 18:00, Kviknes hotell

”Smart vekst” er tema under årskonferansen til NHO Sogn og Fjordane 29. april og Teo Hären er hovudtrekkplasteret. Han er blant dei mest populære foredragshaldarane i Sverige og hjelper personar og organisasjonar til å bli meir kreative. Også gründerar og leiarar i Sogn og Fjordane skal vere med å diskutere ”smart vekst” i Balestrand.
Les meir…

Ulan2010

Fredag 23. april kl. 18:00, Øyrane vidaregåande skule

Data & Elektronikk klassen på Øyrane vgs., arrangerer eit data treff, der ungdommar kan samlast for å sosialisere seg med andre ungdommar som har same interesser.
LANet varer heile helga, med mogelegheit for overnatting. Påmelding.
Vi ynskjer alle velkommen.
Mvh BLUi UB

Berserk 2010

Lørdag 20. mars kl. 16:00 til 22:00, Sogn Skisenter

Vi skal arrangere en dag for hele familien med masse show.
Det blir som en mini festival, vi skal starte med en BIG JUMP konkurranse for både ski og snowboard, der vi skal invitere de beste kjørerne i Norge.

Når konkurransen er ferdig, forsetter vi showet med konserter, fra en scene som skal settes opp rett vedsiden av hoppet, dette for å skape en intim og unik stemning en mørk vinterdag.
Vi har booket nasjonale og lokale artister, så her blir det underholdnig for hele familien

Linedanceøving

Torsdag 7. januar til torsdag 6. mai, Viking i Førde

Møt opp og bli med på øving: kl. 18.00-19.00 nybyrjarar, kl. 19.00-20.00 litt øva. kl. 20.00-21.00 vidaregåande.
Velkommen til hyggjeleg trening som også gjev god trim.! Arr.: Førde Ungdomslag, Linedancegruppa.

Medlemsmøte Førde Arbeidarparti

Onsdag 18. november 2009 kl. 19:30 til 21:00, Rica Sunnfjord Hotel

Førde kommune sitt budsjett for 2010 er viktig reiskap for korleis vi priorterer bruken av midlane til beste for innbyggjarane i kommunen. På medlemsmøte vil Førde Arbeidarparti jobbe med budsjettet og gjere våre prioriteringar, både investeringsbudsjett og driftsbudsjett. Førde kommune sin Klima, miljø og energiplan er lagt ut, vil vil gå gjennom den i møtet. Innspel blir tatt med fram mot endeleg handsaming i bystyret i desember.