Samtalar og innlegg i regionen

Alle kan opprette sone på Origo. Nedanfor er eit utval av nye bidrag frå soner i Sogn og Fjordane.

Exclamation_desat_24

Sportsfiskesida informerer .....

Exclamation_desat_24

Heksejakt på røykarar

Tysdag vedtok Helse- og sosialutvalet i Flora kommune eit røykeforbod utanfor inngangspartiet på byens samfunnshus. Grunngjevinga frå hovedutvalsleiar Jakob Nødseth (H), er at alle skal kunne nytte bygget. Berre ikkje røykarane!

Nødseth hevdar at dette er eit ledd i universell utforming som skal sikre at alle skal nytte bygget, uansett om dei er rørslehemma eller har andre sjukdomar. Og der er eg heilt einig med Nødseth, alle skal kunne nytte bygget, også røykarar.

Eg har stor forståing for Sissel Stavøstrand frå LHL, som sjølv har ein lungesjukdom som gjer at ho kvir seg for å gå gjennom “ei røyksky av røykjarar for å komme seg inn i offentleg bygg”. Eg har og forståing for argumentet om at born og unge skal sleppe å verte utsett for tobakksrøyk.

Men eg har absolutt inga forståing for politikarar som påtek seg ein formynderrolle og skal innføre forbod mot alt dei ikkje likar. Og kva er det eigentleg Nødseth og dei andre politikarane i Helse- og sosialutvalet trur? At det står 20 røykarar utanfor samfunnshuset og bles røyk på alle som går forbi? Trur helsepolitikarane at røykarar er nokre uhøflege, fæle folk som ikkje klarer å ta omsyn til andre?

Slik er det sjølvsagt ikkje. Og hvis det er nokre slike uhøflege røykjarar, utan respekt for andre, trur då desse politikarane at dei vil bry seg om røyking forbudt skiltet? Dette handlar om respekt og folkeskikk, og dei som ikkje har det, dei har det ikkje uansett om dei røykjer eller ikkje, og uansett om det er røyking forbudt eller ikkje.

Det må verte slutt på politkarar som trur dei er formyndarar for vaksne folk, og berre kan innføre forbod mot alt dei ikkje likar. Det må og verte slutt på heksejakta på røykarane som faktisk er heilt vanlege folk som og betalar skatt. Dei som røykjer veit svært godt at det ikkje er bra for verken seg sjølv eller omgjevnadene. Dei treng ikkje Nødseth og dei andre politikarane i Flora til å fortelje seg det.

Kanskje kunne ein begynt med å flytte askebegera vekk ifrå inngangen. Då trur eg mykje ville vore gjort!

Og i tilfelle nokon skulle komme på å seie noko sånt som “Det er jo røyken som vert forbudt, ikkje røykarane”, så vil eg minne om at ein sigarett utan ein røykar som røyker den er heilt ufarleg!

Exclamation_desat_24

Møkakøyring og drit

Det er vår, tida for våronn, lamming, møkakøyring og landbruksforhandlingar. Vanlegvis. I år er det ikkje landbrksforhandlingar. I år gjorde bondelaget det mange bønder har meint at dei skulle gjort for fleire år sidan: Dei braut før forhandlingane starta. Talet bønder er på full fart nedover. Og Senterpartiet i regjering har hjelpt godt til med å få bønder bort frå matproduksjon og over i såkalla lågtlønna yrker. Eller i alle fall har dei ikkje gjort mykje for å stoppe den raude (og latesom-grøne) regjeringa si nedlegging av norsk landbruk. Kanskje dei har gjort desse bøndene ei teneste? Betre lønn og meir fritid? Eller kanskje er verdiane frå landbruket høgare enn verdien av pengar – både for bøndene og for samfunnet?

Eg har spreidd gylle denne veka. Før eg starta gav eg jordskifta nye namn. Eg kalla dei Senterpartiet, Soria Moria og Landbruksmeldinga. Så køyrde eg møk på dei. Og eg tenkte ikkje mest på graset og jorda, men på dei som jordskifta no var oppkalla etter. For kastar dei drit på meg, så køyrer eg møk på dei, tenkte eg og lo for meg sjølv der eg sat åleine på traktoren til det mørkna rundt meg. Soria Moria og Landbruksmeldinga treng litt næring skal dei vekse og bli til noko!

Ein kan få inntrykk av at ein del politikarar er så dumme at dei ikkje forstår at lønnsnivået i Norge virkar inn på matprisane. Dei lever i eit Soria Moria-eventyr utan bakkekontakt og utan vilje til eit visst nivå av kunnskap og sannferd. At journalistar ikkje forstår det er ikkje så uventa. Journalistar har «alltid» problem med å rekne. Det er derfor landbruksminister Lars Peder Brekk kan manipulere med tal om kva bønder tenar og komme unna med det utan mediekøyr. Alt dette tenkte eg på medan eg spreidde møk på dei.

Og så høyrde eg på radioen at Bondelaget reagerer på at Jens Stoltenberg manipulerar med tal om bønder si inntekt. Er det så rart? Han seier vel berre opp att same tala Brekk manipulerar med; tek opp att Brekk sine manipuleringar kan ein seia. Ein kan ikkje hengja statsministeren for å tru på landbruksministeren sin. Det er fall Brekk Bondelaget må retta kritikken mot. Men det er vanskelegare sidan han er frå Sp.

Så då eg sat på traktoren tenkte eg at neste jordstykke som skal få nytt namn skal heite Brekk. Så skal eg køyra møk på han òg! Eller kanskje, tenkte eg, skulle eg ha kalla opp handbremsen etter Brekk. Og eg lo for meg sjølv og drog i bremsen så traktoren slutta å trille. Det er slik det er å ha ein hand-Brekk som landbruksminister, tenkte eg. Skal det gå framover må hand-Brekken av!

Ein kan godt seia at Bondelaget har lukkast i å få merksemd om landbruket sin situasjon i Norveg. Kanskje dei kan nå fram med ein bodskap til regjeringa. Men som eg har sagt i fleire år så hadde det gitt ein mykje større effekt å gjort dette i starten av Soria Moria-eventyret, ikkje i slutten.

Når eg har fullført møkaspreiinga skal eg sjølvsagt gi bøane mine tilbake dei gamle namna. Det er mykje kultur og soge i gamle namn. Men kanskje eg døyper om stykka ein anna gong også, om det hjelper for å få ut frustrasjonar. I alle fall skal kyrne og sauene få sleppe å beite i kulturlandskap kalla opp etter Brekk, Senterpartiet eller raudgrøne eventyr. God helg!

Exclamation_desat_24

17.mai 2012 på Vassenden

Årets 17.mai vart det stikk motsatte omtrent, av det værvarselet sa. Det vart ein flott dag, for store og små. Synes 17.mai komitèen på Vassenden i år gjorde flott arbeide. Leikane for borna var svært kjekke, og det var gode tidspunkt både for barnetog, og leik etterpå. Kjempebra:) I tillegg var foreldre for 7.klasse flinke til å arrangere leikar på skuleplassen. Dette var den beste 17.mai, ifølge dotter mi, på 9 år:)
Vil vise litt frå dagen frå mi linse…

Biletserie med 26 bilete — bla med å trykkje på pilene
Exclamation_desat_24

Fakta om FrP og oljepengebruk

Lurer du på hvor FrP står i forhold til bruk av oljepenger?

Frps prinsipper kort:
- Frp vil i statsbudsjettet skille mellom forbruk og samfunnsøkonomisk lønnsomme investeringer.
- Statens forbruk skal ikke vokse mer enn BNP, det bidrar til at staten ikke svulmer opp på bekostning av privat næringsliv, og det krever at man gjør gode prioriteringer i budsjettet.
- Samfunnsøkonomisk lønnsomme investeringer skal derimot ikke begrenses av et tak for oljepengebruk, men gjennomføres når det er fornuftig ut fra markedsmessige hensyn (tilgang på entreprenører m.m.).
- Kalkulasjonsrenten skal reflektere oljefondets avkastning

Via denne linken til FrPs finanspolitiske talsmann Ketil Solvik-Olsens blogg finner du beskrivelsen av hva vi ønsker dagens handlingsregel erstattet av. FrP bygger landet, vi bruker ikke opp oljepepengene.

Exclamation_desat_24

DEN HEMMELEGE SKATTEN PÅ NES I KANDAL

Ola Jakobsen var ein uvanleg rik mann som levde på denne garden først på 1700-talet, fortel bygdebokforfattar Per Sandal og fortel vidare: J. Aaland kom over ei gammal segn som truleg var knytt til denne mannen:

”Ein mann, Anders p. Ness, var sværande rik. Daa det vart ufred i landet, gøymde han pengane sine under ein hiller der han grov dei ned. Daa han låg for døden, bar dei honum ut i stovedøri so han kunde syna dei kvar skatten var. Han var da maallaus og kunde difor berre venda augo i den leid der pengane laag. Dei grov og leita lenge, men fann ikkje noko.”

Eg kåserte på 17.mai-festen i Kandal og då kom det fram at skatten enno ikkje er funnen, sjølv om det er blitt leita like til vår tid. Dessutan kom det fram at det fanst ein annan versjon av segna: At Anders hadde vore på ”nachspiel” etter eit rettsmøte på Reed. Der vart han ihelslegen, men makta først så vidt å peike mot den staden på Nes der han hadde gøymt skatten. På så lang avstand vart no retninga litt uklar …

Har nokon ei god utgåve av denne siste segna? Eller har nokon funne skatten? De treng ikkje oppgje funnstad eller sum, men de kan spare oss andre for strevsam leiting.

Exclamation_desat_24

Fra 17 Mai feiringa Vassenden 2012.

Legger ut noen bilder fra dagen, som tross trusler om regn og kuling ble tålig bra allikevel. Bildene får tale for seg selv, uten kommentarer fra meg.

Biletserie med 20 bilete — bla med å trykkje på pilene
Exclamation_desat_24

Pressemelding frå Sogn og Fjordane: Høgre ynskjer framleis lang tunnel ved Veitastrond

- Høgre har sidan 2009 sagt at vi ynskjer å prioritere rassikring på fv. 337 til Veitastrond øvst blant nye rassikringsprosjekt på fylkesvegane. Seinast tok vi dette att på fylkestinget i april, der Høgre argumenterte aktivt for å prioritere rassikring til Veitastrond, seier medlem i hovudutval for samferdsle Ole Gunnar Krakhellen (H).

Høgre meinte i april at Ap/Sp/Sosialistisk Venstreparti (SV) si prioritering av rassikringsmidlar ville gje ei halvgod løysing på fv. 152 Ulvestad – Menes, og at det ville gå ut over rassikring på Veitastrond. No vert dette bekrefta. Det vert ikkje berre snakk om å skyve realiseringa av tunnelen ut i tid, men i tillegg å gjere tunnelen kortare. Høgre er redd for at vi er på veg mot halvgode løysingar både på Menesvegen og på Veitastrondsvegen, uttaler Olin Johanne Henden, også medlem av hovudutval for samferdsle for Høgre.

Kostnadsskilnaden mellom ein kort tunnel (om lag 130 mill. kr) og ein lang tunnel med nokre innsparingar (180 mill. kr) vert 50 mill. kr. Store delar av utfordringa kjem frå kostnadsauke på prosjektet, men det er klart at viss Høgre hadde vunne fram med sitt syn i fylkestinget i april ville vi hatt 40 millionar kr meir til Veitastrond enn vi har i dag. Høgre ynskte å utsetje rassikring til Menes og sjå på rassikring av fleire raspunkt i samanheng, då ville vi ført 24 millionar kr over til rassikring av fv. 337 på Veitastrond. I staden tok dei raudgrøne 16 mill. kr frå Veitastrond for å fullfinansiere ein kort tunnel forbi Algøya på Menesvegen, påpeikar Henden og Krakhellen.

Dersom det ikkje kjem fram viktige, nye faktaopplysingar i hovudutval for samferdsle kjem vi til å be om at ein arbeidar vidare med lang tunnel forbi rasløpet i Bjødnabakken. For å finansiere dette er det klart at vi må sjå på alle moglegheiter. Det vert allereie arbeida med å få auka opp rassikringsløyvingane, og Høgre vil bidra her så godt vi kan. Det bør også klargjerast om det kan det vere aktuelt med forskoteringsordningar i samarbeid med Luster kommune, avsluttar Henden og Krakhellen.

TALSPERSONAR FOR SOGN OG FJORDANE HØGRE
Medlemmer av fylkeskommunen sitt hovudutval for samferdsle
Ole Gunnar Krakhellen (H) Tlf. 926 48 081
Olin Johanne Henden Tlf. 900 89 170

Exclamation_desat_24

Orgelkonsert - "ei musikalsk reise gjennom Europa"

Etter populært ønskje blir det også i år orgelkonsert i Dale kyrkje med kantor Mark Taylor. Det blir ei musikalsk reise gjennom Europa med orgelmusikk frå mange europeiske land. Du får høyre verk av dei store komponistane som Debussy, Mozart og Bach, samt Noreg sin eigen Ludvig Lindeman (komponisten av «Påskemorgen» og «No livnar det i lundar» som grunnla Norges Musikkhøgskolen). Vi markerer 200-årsjubileum for Lindeman i år. Kollekten går til Landsbyutvikling i Mali.

Vel møtt i Dale kyrkje, onsdag 23. mai kl.19.30!

Exclamation_desat_24

MOKURSET 2012

Sogn og Fjordane Folkemusikklag inviterer til Mokurset 29. år på rad. Sommarkurset i folkemusikk og –dans er for både born, unge og vaksne, og går av stabelen på Mo i Førde 8.-13. juli. Det har alt kome mange påmeldingar, men det er plass til nokre fleire! Påmeldingsfristen er 20. mai.

Instruktørar i toppklasse

Mokurset kan også i år tilby kurs med nokre av dei aller fremste utøvarane og pedagogane i landet. Kursdeltakarane får undervising på song, fele, hardingfele, trekkspel og toradar av Åshild Vetrhus, Steinar Rygg, Marianne Tomasgård, Helene Myklemyr Bolstad, Sigmund Eikås, Leif Erik Stuhaug, Simona Fraas Johnsen, Hilde Fjerdingøy og Ingrid Heieren. Song- og spelkursa føregår i grupper på ulike nivå, men det er også lagt opp til individuell undervising og fellesaktivitetar på tvers av nivå.

Unikt dansekurs

Mokurset tilbyr fordjupingskurs i folkeleg dans, med fokus på relasjonen mellom musikk og dans. Og dette dansekurset er det einaste av sitt slag i landet. Dansepedagog Ami Petersson Dregelid og dansespelemann Ellika Frisell leiar kurset.

Samarbeid med festivalen held fram

Førdefestivalen og Folkemusikklaget starta i fjor eit samarbeid om meisterklasse på Mokurset. På denne måten er Førdefestivalen med på å støtte arbeidet for å stimulere unge utøvarar og få fram endå fleire musikktalent. Og kanskje vert nokre av dei i framtida å finne som festivalartistar? Felespelaren Jorun Marie Kvernberg frå Fræna leiar årets meisterklasse, og ho er ein allsidig felespelar som trakterer både hardingfele og vanleg fele. Ho er kjend frå kritikarroste ensemble som Majorstuen, Tindra og Unni Boksasp ensemble, og har motteke ei rekkje prisar og stipend for musikken sin.

Gode støttespelarar

Mokurset har ei rekkje gode og viktige støttspelarar, og i tillegg til Førdefestivalen er følgjande med på laget: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, FolkOrg, KOMP, Rff, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Tine og Lerum.

Meir informasjon og påmelding på www.mokurset.no

Exclamation_desat_24

BONDE?

Var det eg eller var det du
Som ville drive med sau og ku?
Var det han eller var det ho
Som tykte grensa er nådd no?
Vil vi inn eller vil vi ut
Av ei næring full av sut?
Går det opp eller går det ned
Må vi leve av å sage ved?
Går det att eller går det fram
Leve livet i ein andedam?
Var det dei eller var det vi
Som berre tenkte på vår eiga tid?
Går det skit eller går det bra
Å hente maten frå Afrika?
Er magen tom eller er den full
Blir ein mett av å ete gull?
Vil vi ha olje eller mat
Servert på våre fat?

Asbjørn Tjugen,Holmedal

Exclamation_desat_24

Norge, eit godt land å bu i.

Eg ser at 401 innvandrarar frå Etiopia som har fått endeleg avslag på søknad om opphald her i landet, vil saksøke den norske stat fordi dei ikkje får igjennom viljen sin til å bli norske statsborgarar. Kvifor er Norge det einaste land i verda der desse personane kan tenkje seg å bu?
Tidleg på 90-talet kom eg over ein statestikk frå Statistisk Sentralbyrå over kor mange personar over 50 år her i landet som var uføretrygda. Men det fylgde også med ein analyse som tok for seg kva desse uføretrygda hadde som nasjonalitet, om dei var etnisk norske eller kom frå andre land. Det som var interessant med analysen, var at det synte seg at det var omlag 11 gonger så mange per tusen innbyggar som var uføretrygda som kom frå eit land i Nord-Afrika som heiter Marokko.
Dette var så interessant at eg tok til å undersøke litt meir om saka. Det var lite truleg at desse marokkanarane hadde budd lenge i landet og hadde arbeidd her. Tilfeldigheiter gjorde at eg fekk informasjon om at desse personane kunne få kjøpt seg uføretrygd for ein viss sum pengar. Eg fekk også informasjon om ein del namn på legar etc som levde godt på denne svindelen. Eg tipsa Oslo Politikammer og dei store avisene i Oslo skriftleg om det eg hadde fått fram av opplysning i saka. Det kom aldri noko tilbakemelding.
Det å ta opp slike saker her i landet er ikkje politisk korrekt. Talet på uføretrygda er no for lengst passert 300 000. Er dette ei utvikling vi roleg kan sitje og godta? Ville desse 401 etioparane nokon gong kome i arbeid eller ville dei også gå rett inn på NAV sine lister over trygdemottakarar? Det er godt å bu i Norge, men kven skal etter kvart klare å betale for fleire og fleire trygdemottakarar og asylantar når det no vert trongare økonomiske tider og våre oljeinntekter går nedover? Er det alt for seint å snu? Eller skal vi godta at folk frå heile verda kan tvinge seg inn for å ta del i vår rause velferdsstat som er bygd opp av eit folk i arbeid? Kor lang tid vil det ta før honningkrukka er tom og kva skjer då?

Magne Dvergsdal.

Exclamation_desat_24

Helse er ikke en konstant

Klart helsa endre seg når vi eldes, ikke noen overraskelse i det.
Etter noen år med stressutløst angina uten hinder for ganske krasse fjellturer, endrer angina anfallene seg. Nå er det små og moderate fysiske tiltak som skal til for å utløse angina anfall.

Nye undersøkelser må til for å avklare årenes tilstand. Det er tross alt snart tjue år siden hjerteinfarktet og sytten siden bypass operasjonen. Det er fantastisk hvor godt kroppen har fungert. Ikke rart at den må til service nå.

Syttende mai med arbeid i hagen, et par angina anfall og så kålruletter med et glass Madeira til, det er helt greit det.

Exclamation_desat_24

Hyllestad - Askvoll/Holmedal: 2 - 3

Då er det klart for det første kampreferatet for sesongen, som samstundes er det første på lenge. I år skal vi på ny freiste å formidle innhaldet i dei spennande Hyllestad-kampane, i den tru at dette er eit etterlengta behov rundt om i heimane. I år var det endå til duka til 16. mai-kamp, noko som nye Hyllestad ikkje har hatt før. Som seg hør og bør var dette eit lokaloppgjer, der Askvoll/Holmedal var motstandar. Her var med andre ord duka for eit ekte HAFS-oppgjer. For å sette prikken over i-en, så var det Dale si heimebane, Dingemoen, som var kveldens arena, med tilhøyrande audielle og andre jordiske fasilitetar.

Det var ein motivert og kampklar Hyllestad-gjeng som var plukka til dette oppgjeret om lokal ære og berømming. Sidan sjefen sjølv var på plass på ein anna stadion, i ein by der dei heller ikkje klarar å sei R, og assistent Wilson hadde plassert seg sjølv i mål, måtte Dale sin stjernespelar frå Hyllestad, Martin Tonning, styre frå sidelinja. Troppen vår såg slik ut:

Start-11-ar (4-5-1):

Huw Wilson
Eirik Mjømen
John G. Bårøy
Sebastian Madsen
Vegar Kjos
Joakim Rakneberg
Eirik Systaddal
Steffen Wolff
Nikolai H. Kvellestad
Tim A. Folkestad
Alexander Høie

På benken:

Aleksander Eide
Endre Varlid
Sander Solås
Håvard Breidvik
Tor Magnus Solås

Vi tok kontroll frå start, og hadde ballen, spelet og styringa frå første stund. Vi skapte ei rekkje sjansar i utover i omgangen, men grunna uflaks og kanskje litt uvant bane, så fauk det meste utanfor AHIL-målet. Slik gjekk det heilt til vi hadde spelt i 41 minutt, då sette Joakim Rakneberg inn det første målet etter eit av mange raid nedover venstrekanten. Fullt fortent, mot eit etterkvart frustrert AHIL. Elles kan det nemnast at unge Mjømen kom noko skeivt nedatt på jorda etter eit hopp, og trakka relativt kraftig over. Heldigvis kom Hugo Fretland raskt til, og saman med eit lag av russejenter fekk Mjømen behandling ein fotballproff verdig. Etter ei rask undersøking av den lokale fysioterapeuten, vart det med relativt stor tryggleik avkrefta at det var snakk om brot.

Etter skaden tok Aleksander Eide plass på venstrebacken. Då vi starta andre omgang fortsette vi der vi hadde avslutta den første, og hadde spelet og kontrollen. Det betalte seg raskare no, og Alex Høie sikra oss tomålsleiing med det som er årets Hyllestad-mål til no i sesongen. Rett og slett ei perle! Vi fortsette å styre fram til det var spelt knappe 60 minutt, då slumpa det inn eit mål på eit frispark i mot. Etter å ha teke styring nokre gangar, overrupla til slutt ballen vår mann på streken, Kjos, og spratt i mål. Bittert, men slik er av og til fotballen. Etter dette mista vi litt piffen, samstundes som AHIL fekk gnisten. Kampen jevna seg meir ut, og gjekk over i mykje att og fram på midten. Endre kom etter kvart inn for Kjos, og Rakneberg måtte ut med tendensa til strekk. Tor Magnus kom inn, og gjekk opp på topp saman med Alex. Dessverre vart ikkje resultatet slik som me hadde håpt, og på nok ei lompe fekk AHIL utlikninga si.

Siste tjue minutta virkar det som me er litt slitne. I tillegg fyller AHIL på med friske bein på midten, og festar eit visst grep der. I ein augneblunk av kollektiv vurderingsbrist bak, får dei også komme mange mot få, og leiarmålet er eit faktum rett før slutt. Med under ti minutt att, lite krefter og ein nedbroten entusiasme klarar vi ikkje å svare. Sander kjem inn for Alex dei siste ti, men får aldri dei framspela han trengde. Slukøyra må me konstantere at nederlaget er eit faktum, vi er det beste 5. divisjonslaget i HAFS, men tapte likevel.

Etter dei tre første kampane i sesongen har vi tapt begge heimekampane på irriterande vis, men herja med Anga borte. Neste kamp er borte mot Sogndal 3, ein kamp vi må vinne for å henge med der vi skal og bør vere. Vi takkar alle frammøtte hyllestadingar og alle dalingar som tok turen.

Exclamation_desat_24

Nedbrytingen av Vestens nasjoner

Ønske om å utslette Vestens nasjoner og nasjonalstater synes å ha blitt den rene besettelse blant Vestens maktelite. Sammen med medløpere fra grasroten til toppen i vestlige samfunn drives det en bevist nedbryting av vårt eget, mens de hyller og gir plass til alt som er fremmed og eksotisk.
Dermed vil alt gammelt, og vårt, som gjennom tidene har skapt ufattelig mye godt og utviklet en hel verden omkring oss, falle. Menneskene som er ført bak lyset av den destruktive eliten vil falle – sammen med sine forførere. Slik kan vår vestlige kultur gå til grunne!
Dette blir resultatet når Vestens nasjoner har blitt offer for en bedragersk og maktsyk elite med ansvaret for historiens alvorligste folkebedrag og landssvik. Folket er dysset i søvn av globalistenes løfter om multi-kultur, brød og sirkus, dette fanger forvirrede og rotløse mennesker i globalismens nett.
Noen forsøker å advare, men har ingen talerett, og blir bedt om å dra dit pepper’n gror. Dermed er demokratiet et bedrag og kvalmt oppkast ved elitens festtaler!

Norvald Aasen

Fjordaglimt

Følgt av 4857 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir
Annonse