Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Kystpuls (onsdag 17. februar 2010). Les mer om roperten…

Florarevyen 2010

Laurdag 13. mars 2010 til laurdag 27. mars 2010, Flora samfunnshus

FLORAREVYEN 2010
150 – med Dunder og Bråk!

DEN STØRSTE ÅRLEGE REVYEN I FYLKET. Og for særs mange den største lokale kulturopplevinga i Florø i jubileumsåret.

PREMIERE lørdag 13. mars kl 19.30.
FORESTILLINGER fredag 19. mars, lørdag 20. mars, fredag 26. mars og lørdag 27. mars. Alle dagar kl 19.30

Florarevyen er i toppform i jubileumsåret! Bli med på ei rundreise i eit univers prega av diskusjonar på og om NAV, brennande mangel på sengar på sjukeheimen, ein statue og ein paviljong til besvær. Revyen dundrar gjennom lokale, globale og stratosfæriske saker – og stikk ein snartur innom 1930-talet og presenterer eit par 75 år gamle revynummer. Kva skjer forresten når bompengestasjonen der inne du veit stengjer? Og kva er KOA? Og kven vinn Det Store Kor(ps)slaget? Vår lokale drosjesjåfør Elide har vore på langtur – men kvar? Bli ein av nesten 2000 publikummarar som får meir eller mindre svar på dette. Garantert på høgde med Marit Voldsæter, Dagfinn Lyngbø og alle dei der!

BILLETTAR ER I SAL NO. På www.florasamfunnshus.no og tenestetorget Flora kommune – 57756000

Bilete: Arild Tyvoll som lokal entreprenør som “tenner” på dynamitt. (Foto: Jan Standal)

Vist 177 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Det er berre å glede seg. Etter resultata i OL så langt kan det berre gå ein veg! Vi går for gull, med ei aning gråstein inn i mellom for då skin gullet endå betre!

Var du med?

2 opptredde Person_grayPerson_gray

Kvar skjer det?