Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (onsdag 17. juni 2009). Les mer om roperten…

Barnas Turlag Kyrkjebø - tur til Toppenhytta

Søndag 21. juni 2009 kl. 12.00 til 15.00, Siplo, Høyanger

Barnas Turlag Kyrkjebø arrangerer fottur til Toppenhytta søndag 21.06.09. Møt opp ved Grimsosen (demningen ved starten av Bergsvatn) kl 1200. Vi går i roleg tempo i samla tropp i bratt terreng opp til Grimsoshøgda der vi tek ein liten pause. Første delen av turen tek omlag 30 min. Deretter går vi i lettare terreng i omlag 40 min. Vi går til varden der vi skriv oss inn i boka, før vi et nistematen vår ved Toppenhytta og nyt utsikta utover fjorden og mot Skålebotnsfjellet. Hugs godt fottøy, då stien kan vere våt grunna snøsmelting, samt at vi siste delen av turen nok må gå på snø. Sjur-Håvard Øygard er kjentmann og turleiar. Turen er for alle, medlemskap i Barnas turlag er ikkje naudsynt. Moglegheit for å teikne medlemsskap i barnas turlag. Vel møtt!

Vist 123 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Kvar skjer det?