Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (måndag 2. februar 2009). Les mer om roperten…

Kom deg ut - Barnas turlag Kyrkjebø

Søndag 8. februar 2009 kl. 11.00, Siplo, Høyanger

Barnas turlag avd. Kyrkjebø arrangerer Kom-deg-ut-dagen søndag 8 mars 09 ved skianlegget på Siplo. Det vert oppmøte ved barnetrekket kl.1100. Berekne god tid til turen frå parkeringsplassen og opp til skianlegget. Vi lagar til skileik-løype der barna som deltek får ein premie. Deltakarane vert oppmoda til å bruke barnebakken eller ta ein tur i skiløypa. Vi lagar leirbål, slik at dei som ynskjer det kan grille. Deltakarane tek sjølv med mat og drikke. Det er påbode med hjelm i barnebakken. Hugs fjellpass for å få stempel. De treng ikkje å vere medlem i Barnas turlag for å delta – arrangementet er for alle friluftsinteresserte barn i alderen 0-12 år og deira foreldre. Det vert likevel høve til å teikne medlemsskap for dei som ynskjer det. Kom og bli med på tur der vi legg vekt på friluftsaktivitetar og sosialt samver for store og små. For styret i Barnas turlad avd. Kyrkjebø, Janne Elin Osland.

Vist 164 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Kvar skjer det?