TEMAKVELD OM MESTRING I SKULEN

Måndag 13. februar kl. 18.00 til 20.00, Audiotoriet på Øyrane vidaregåande, inngang A

TEMAKVELDEN ER FLYTTA TIL ØYRANE VIDAREGÅANDE, INNGANG A.

OPEN FOR ALLEGRATIS INNGANG.

Nasjonal statistikk viser at 1 av 3 elevar sluttar i vidaregåande opplæring utan å oppnå studiekompetanse eller fagbrev. Gjennom Ny GIV prosjektet vert det sett i gang fleire tiltak både i ungdomskulen og i den vidaregåande skulen. Målet er at elevane skal oppleve meistring og motivasjon og fullføre skulegangen. Ungdomskular, vidaregåande skular og lærebedrifter skal no ha eit tettare samarbeid for å følgje opp elevane.

Marit Hammerseng vil fortelje om tankane bak prosjektet Ny GIV og korleis prosjektet vert organisert i Sogn og Fjordane. Hammerseng er trainee i Sogn og Fjordane fylkeskommune ved opplæringsavdelinga, utdanna sosiolog frå NTNU og har skrive masteroppgåve om fråfall i vidaregåande skule.

Marie Vårdal er lærar på Øyrane vidaregåande skule og vil fortelje om lesevanskar og språkvanskar. I Ny GIV skal grunnleggande dugleikar i lesing, skriving og rekning styrkast hos elevane. Det er ein sterk samanheng mellom låge prestasjonar i norsk og matematikk på ungdomskulen og fråfall i vidaregåande.

TIDLEG INNSATS I GRUNNSKULEN ER VIKTIG! Kunnskap og effektiv opplæring i bruk av lese- og skrivestøtteprogram, kan for mange elevar påverke sjølvoppfatninga og gi auka mestring.

Lillian Anderson Dale vil fortelje om sine undersøkingar der målet har vore å finne ut korleis ein kan nå inn til elevar med lese- og skrivevanskar – med kunnskap og effektiv opplæring i bruk av lese- og skrivestøtteprogram – slik at dei kan konsentrere seg om innhaldet i dei teoritunge faga og oppleve mestring. Ved å halde saman informasjon om korleis skuleåra har vore, i kva grad dei har møtt forståing, fått god opplæring og ved hjelp av teori om dysleksi, og mestring, vil Dale forsøke å sjå korleis skuleerfaringane kan ha påverka sjølvoppfatninga og mestringskjensla. Forskinga vil kunne få relevans for korleis Førde kommune planlegg satsinga i forhold til å bli ein kommune med dysleksivennlege skular. Dale er spesialpedagog i Førde kommune, mastersudent og har m.a. heldt foredrag i Berlin i forbindelse med lansering av Lingdys på Tysk for tyskarar.

ARR: DYSLEKSILAGET I SUNNFJORD

Vist 135 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Viktig tema å sette fokus på. Vi oppfordre alle som har høve til å delta på temakvelden :-)

Var du med?

2 tilrådde Person_grayPerson_gray

Kvar skjer det?