Skirenn i Rivedal
Kom og ver med på årets første skirenn i Rivedal. Flotte oppkjørte 1 og 2 km løyper, som passer for store og små. Alle er hjartelig velkomne til å teste ut skiferdighetane, etter gamalt. Startnummera er klare til bruk, så her er det berre å finne fram skia og lade opp til ein kjempeflott dag i Rivedal. Tidtakarane er klare til å ta tida på dei yngste først, så foreldre, besteforeldre og andre skientusiaster til slutt. Åsmund Rivedal, leiar i skigruppa, lager til akebakke, bålplass og flotte løyper. Ta med ski, smurning, mat, drikke, sitteunderlag, varme klede og godt humør. Dette kan du ikkje gå glipp av!
Oppmøte kl. 11.00 v/ Åsmund Rivedal. Skirennet starter ca. 11.30. Alle er hjarteleg velkomne!.

