Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (fredag 27. januar). Les mer om roperten…

Vinterkonsert med folkemusikk

Torsdag 9. februar kl. 19.00 til 20.30, Sogndal

Vinterkonsertar 2012:
Lån øyre til Fylkesmusikarane i Sogn og Fjordane!
Hadde vi kunna, ville vi reist rundt med hest og slede, varme klede og dombjeller som varsla vår ankomst. Det ville vore den ultimate vinterreisa med god musikk, god stemning, gode møte og godt samvær som mål.
Draumar har vi, men realitetane må vi sjå i augene: Vi kjem med bil! Og bilen er lasta med fem flinke folkemusikarar, freske feler, fin folkesong og flott trekkspel, – og feiande godt humør. Vi innbyr til konsert og vonar å treffe koselege folk med same glade livsinnstilling ei god kveldsstund.
Fylkesmusikarane i Sogn og Fjordane har eksistert sidan 1989 med 3-årig starthjelp frå Norsk Kulturråd, og dåverande fylkeskultursjef Lidvin Osland som ein viktig motor. Fylkestinget vart med på tanken om ei framtidsretta forvalting av fylket sin eigen folkemusikk, og vart einige om ei fast etablering frå 1992/1993. Og vi har sett ei fantastisk blømingstid! Aldri har vel Sogn og Fjordane hatt eit slikt galleri av flotte og ikkje minst unge, dyktige utøvarar av folkemusikk og – dans som no. Fylkesmusikarordninga skal ikkje ta på seg heile æra, men ordninga har vore ein særs viktig bidragsytar til at vi i dag kan teikne dette positive biletet. Likevel, vi kan ikkje setje oss ned og seie at verket er fullendt. Vi må arbeide for og syte føre at den levande kulturarven vår skal kunna vekse og blomstre vidare.
I samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane/Folkemusea i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, besøker Fylkesmusikarane no alle tre regionane i Sogn og Fjordane for å dele med folk kva vi brenn for, og den 9.februar kl.1900 kan Synnøve Bjørset, Elin Grytting, Oddbjørn Ramstad, Sigmund Eikås og Vidar Underset ynskje:
Velkommen til Vinterkonsert med folkemusikk i «Elvhaug» i Sogndal!

Vist 41 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein opptredde Person_gray

Kvar skjer det?