Trubadur TOTTO
- LØRDAG 28. JANUAR:
TOTTO rockar puben! …Tore ”Totto” Kristiansen frå Bergen er ein etablert og godt kjend musikar med lang fartstid. Han har spelt saman med dei fleste i musikkmiljøet i Bergen, og reiser tidvis rundt om i kongeriket Noreg og underheld som trubadur. Med eit repertoar på over 500 låtar, seier det seg sjølv at dette er ein allsidig artist. Han begynte som proff musikar i ein alder av 20 år, og har sida hatt dette som levebrød. – Totto er kanskje mest kjent for sine Elvis Presley tolkingar og hyllest konsertar, der han står på scena med fullt band og blåserekkje. Elles spelar han i “Totto and The Lovemakers”, som har spesialisert seg på “god gammal rock’n roll”. Totto er ein populær artist med musikalske kvalitetar, som har gjort han til ein favoritt hos publikum.
Dj. HAMY …sørgar for topp stemning og hela i taket i diskoteket på Treskeværket.
- ALDERSGRENSE 20 ÅR.


