Nærmiljøsentralen Askvoll 20 år
Nærmiljøsentralen Askvoll feirar 20 år i år. Og den feirar vi på den internasjonale frivilligdagen. I den anlednig ynskjer styret alle velkomne til sosialt treff i Askvoll samfunnshus. Vi ynskjer spesiellt nyinnflytta velkommen. (Sjå annonse laurdag) Ordførar Frida Melvær vil opne, og teenåringen Emil Horstad frå Naustdal vil underhalde oss på trekkspel. Jarl Audun Rivedal vil bl.a syte for sang og musikk. Kåseri vil Håkon Haukøy ta seg av. Til å lede oss vert Dagfinn Mjåseth. Oppvisning av seniordansarane til slutt. Du er velkommen til å prøve om du vil. Det vil verte servert betasuppe, kaker og kaffi. Arrangementet er gratis. Styret vil takke alle som gjennom desse 20 åra har medverka til at Nærmiljøsentralen fortsatt eksisterer. Utan dei frivillige, ingen Nærmiljøsentrral. Takk og vel møtt til dykk alle.

