Bokkveld
Bokkveld sundag 20. november 2011 kl 1700.
Bøker er beste julegåvene!
Førde Mållag og Naustdal Mållag har igjen bokkveld på Øyrane vidaregåande skule i Førde, sundag 20. november kl. 1700.
Handelshuset Libris stiller ut og sel siste nytt av haustens bøker på nynorsk. Her får du oversyn og heilt sikkert gode idear til julegåver!
Erling Lægreid presenterer si siste bok ”Nærgåande skisser”, om møte med ei rekkje kjentfolk i Noreg, m.a. Olav H. Hauge, Herbjørn Sørebø, Einar Førde, Ludvig Eikaas og fleire andre som vi kjenner frå gamalt.
Ein godbit er Hans Sande med barneboka ”Pappa er sjørøvar”, med tema frå strendene i Palestina. Boka sjokkerte den israelske ambassaden så pass at dei fann grunn til å varsle det norske Utanriksdepartementet.
Dei to lokale forlaga Selja og Skald presenterer sine lister av året. Stig Roger Eide har, i lag med Inge Fænn ”Skåla – fjellet og folket” (Selja) og fortel om den. Arve Sandal gjev eit innblikk i si nye forteljing om ei reise gjennom naturen i Sogn og Fjordane: ”Reint eventyr – frå Hornelen til Galdhøpiggen” (Skald).
Som vanleg vil sogelaga i Naustdal og Førde avsløre kva årbøkene handlar om denne gongen.
Attåt det åndelege får du kaffi og kaker. I kaffipausen kan du ta lodd og kanskje vinne ei ekstra bok! Inngangspengane er 50 kroner, som før.
Alle er hjarteleg velkomne!
Med helsing
Førde Mållag og Naustdal Mållag
Gjester på bokkvelden sundag 20. november 2011, på Øyrane vgs. I Førde:
Stig Roger Eide og Inge Fænn: Skåla – fjellet og folket (Selja forlag).
I 120 år har Skåla og Skålatårnet vore eit eineståande turmål, og alle som har streva seg opp Nord-Europas lengste motbakke får med seg minne for livet. Og ein ekstra porsjon sjølvtillit over eigen prestasjon. I våre dagar er det over 10 000 personar kvart år som når toppen, mange av dei er med i motbakkeløpet Skåla Opp ein laurdag i august. Denne boka er kåra til ei av dei beste julegåvene i år!
Erling Lægreid: Nærgåande skisser (Samlaget).
Den mildt sarkastiske NRK-medarbeidaren har i sitt mangslungne yrkesliv møtt uvanleg mange personar som har prega vår nære fortid. Diktarar, politikarar og mediefolk, frå Olav H. Hauge, Jens Bjørneboe, Karl Evang, Agnar Mykle, Halldis Moren Vesaas, Geirr Tveitt, Hartvig Kiran, Einar Gerhardsen, Marie Takvam, Aslaug Vaa, Per Aabel, Arnljot Eggen, Erik Bye, Arthur Klæboe, Einar Førde, Herbjørn Sørebø, Ludvig Eikaas o. fl. er med i denne ”minneboka”.
Erling Lægreid har lang og allsidig røynsle frå ulike sentrale posisjonar i norsk kultur- og samfunnsliv. Han var med og skipa Forsøksgymnaset og var i fleire år bladstyrar i Dag og Tid. Mest kjend er meiningane og røysta hans frå uredde, kunnskaps- og perspektivrike kommentarar og program frå hans mange år i NRK.
Hans Sande og Silje Granhaug: Pappa er sjørøvar (Cappelen Damm).
Pappaen til Tuva er sjørøvar. Kvar sommar drar han med sjørøvartankbilen sin for å røve sjø. Det er like hemmeleg som det er skummelt. Kvart år spør Tuva om ho kan få bli med. Pappa stiller ho opp innåt målestreken på veggen. I år er ho stor nok! Og boka er allereie blitt kjend i Midt-Austen -.
Arve Sandal: Reint eventyr. (Skald forlag).
Sogn og Fjordane har naturressursar som er lite kjende og lite påakta. Forfattar Arve Sandal snakkar om nasjonalskattar. Han har høyrt på debattane om at fylket blir verna i hel, men tenkt at sidan områda er verna gjennom kongeleg resolusjon, må dei vere noko unikt i landsamanheng. Han har også registrert at nasjonalparkar har høg status i andre delar av landet og utlandet der dei har blitt ein stor attraksjon for turistar og naturglade folk. I fjor haust bestemte han seg for å teste ut dei største verneområda i fylket på ei tre veker lang reise tvers gjennom heile Sogn og Fjordane frå Hornelen til Galdhøpiggen. Turen har han skildra i ei praktbok som forlaget Skald gjev ut i desse dagar.


Kommentarar
!bilde undefined!