Vassendgutane til Sunnfjord Countryrock fredag 28.oktober i Førde
Vassendgutane er klar for Førde og “Sunnfjord Countryrock” fredag 28.oktober.
Vassendgutane har dei siste12 åra gått frå og vere eit lokalt festband på Sunnmøre, til no og vere Noregs mest etterspurde liveband i sin kategori.
Den femte plata “Riskrem & Entrekått” blei lansert i april 2011, og har fått platina trofeet med over 30.000 selde eksemplar. Nye hitlåtar frå denne plata er “E’kje den same med dame”, “Love you, Geir” , “ Godt å være rånar” med fleire.
Bandet har i sommar vitja dei største festivalane i vårt vidstrakte land. Høg allsong faktor gjer at publikum nesten følar seg som ein del av bandet, og tekstane kan dei fleste utanåt.
Det visuelle er fortsatt noko av hovudsatsinga på ein konsert med Vassendgutane. Lyd og lys kvalitet har dei siste åra hatt stor prioritet og på 2011 turneen “Busstur” vil bandet fortsette denne utviklinga, som bidreg til ein unik konsertoppleving.
I tillegg til dei nye låtane, kan du forvente og høyre låtar som ”Ungkar med dobbelseng”, ”Silikon i tatti”, ”Hytta mi”, ”Granada” og ”Siste dansen”. Allsong og topp feststemning er varemerket til Vassendgutane sin festcountry.
Vassendgutane deltok på den første Sunnfjord Countryrock i 2003, og har sidan vitja Førde fleire gonger med fulle hus. Fredag 28.oktober spelar dei i Sunnfjordsalen for åtande gang, for eit feststemt publikum.
Vassendgutane er:
Sindre Aam, vokal og bass Arthur Johan Bjørdal, vokal og gitar
Ernst Brune, trekkspel Rune Brautaset, vokal og gitar
Lars Egil Vågseter, steelgitar Leif Aase, vokal og elgitar
Bjørn Marius Øyehaug, vokal og trommer
Billettsalet til “Sunnfjord Countryrock 2011” er godt i gang og hotellet har snart selt ut alle hotellromma. Billettar får ein i resepsjonen på Sunnfjord Hotel, TiTi i Førde og e-billettar på www.fordehuset.no
Sunnfjord Countryrock er fylkets nest største country festival, og har i år eit godt og variert program og med Vassendgutane på toppen av plakaten, skulle ein treffe eit stort publikum siste helga i oktober.


