Steinar Engelbrektson Band og Kruttrøyk laurdag 29.oktober

Laurdag 29. oktober 2011 kl. 21.00 til søndag 30. oktober 2011 02.00, Rica Sunnfjord Hotel og Spa

Steinar Engelbrektson Band og Kruttrøyk til Sunnfjord Countryrock i Førde laurdag 29.oktober.

STEINAR ENGELBREKTSON BAND
Steinar Engelbrektson Band feirar i år 15 års jubileum og har til no gitt ut 6 plater. Steinar Engelbrektson Band er svært produktive og kom i juni ut med si 7. plate med tittelen “Terningen er Kasta”, som har fått svært positiv mottaking.
Steinar Engelbrektson Band er eit crossover-band mellom country og danseband, alt framført på klingande nordfjords-dialekt.
Fantastiske tilbakemeldingar frå publikum og arrangørar over det ganske land har gjort til at Steinar Engelbrektson band er blitt eit ettertrakta orkester både på country- og dansescener og festivalar.

Steinar Engelbrektson Band er stolte av og vere innehavar av verdsrekorden på Dansefot Jukeboks der låten “På grunn av bagateller” har vore inne på lista sidan februar 2004. Laurdag 29.oktober spelar dei til dans i Barthold Bar for eit feststemt publikum i Førde.

Steinar Engelbrektson Band er:
Steinar Engelbrektson song og trekkspel
Bjarte Haugen, Bassgitar,
Maron Sandvik, Trommer, Song Alf Rune Melbye, Steelgitar.
Eivind Skjerdal, Gitar, Song

Web-side og info: www.steinar-engelbrektson.no

KRUTTRØYK

med musikarar frå Førde og Sandane vert rekna som eit av Noregs beste Countryrock band. I juni 2009 kom dei ut med si tredje cd ”Farande Fant”, som har fått heiderleg omtale i musikkpressa.

I 2003 kom deira fyrste plate, ein sjølvtitulert EP med sju spor, på eige selskap. Sunnfjorddialekt hindra definitivt ikkje plateselskapet i å skrive kontrakt, og i 2006 såg Kruttrøyk sin andre CD dagens lys – den kritikarroste ”Kuler & Krutt”.

Kruttrøyk har ufortrøde jobba seg oppover i hierarkiet, og blir nemnt i same åndedrag som Too Far Gone, Sie Gubba, Vassendgutane…. Og endeleg ser deira andre langspell CD ”Farande fant” dagens lys ! Herifrå har fleire låtar allereie sett seine spor på NRK sin Country og Danseband jukeboks. Sist signert er ”Kallen med kragen`en” – ein vanvittig låt tilført ein vanvittig video. Deira desidert beste utgjeving så langt, med stort sett sjølvskrive materiale ! Laurdag 29.oktober spelar dei i Sunnfjordsalen under Sunnfjord Countryrock.

Kruttrøyk anno 2011 er:
Jens P Dyrdal, vokal og akustisk gitar.
Hans Robert Hyllestad, div. gitarar, steelgitar, mandolin og vokal.
Jørn Moen, trommer.
Torbjørn Gran – bass og vokal.
Web-side og info: www.kruttroyk.no

Sunnfjord Countryrock i førde er Sogn og Fjordane sin nest største countryfestival, og har i år eit godt og variert program som skulle treffe eit breitt publikum siste helga i oktober.

Vist 12 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?