Tur frå Øverås til Systad med barnas Turlag
Laurdag 1. oktober arrangrerer Barnas Turlag og reven ”Turbo” tur frå Øverås til Systad.
Det vert oppmøte på Øveråshøgda klokka 11.45. Bilane må hentast att på Øverås, så vi oppmodar om at ein prøver å samordne det slik at nokre bilar vert parkert på Systad.
Når vi kjem til Systad, ventar Monika Ekreskar med rykande ferske bollar . Dei som ynskjer å kjøpe bollar må ta med pengar til dette. Drikke og evt mat elles på turen lyt ein ordne med sjølv.
Kontaktperson på denne turen er Anita Høyum (tlf 95076205).
Hugs og ta med turpasset!
Vel møtt til ein triveleg tur
Barnas Turlag Hyllestad


