IT Forum-konferansen 2011
IT FORUM-KONFERANSEN – med Silicon Valley-guru og ein pirat!
Årets IT Forum-konferanse i Balestrand 28-29 september er viktig både i lokal og i nasjonal målestokk. Konferansen kan skilte med eit særskilt godt program, og har interesse og relevans for alle som er oppteken av, og vil halde seg oppdatert på, framtida til Sogn og Fjordane.
Føredragshaldarane spenner frå ein Silicon Valley-guru til ein tryggleiksarkitekt – og frå ein danseglad tekno-forfattar og framtidsforskar, til ein pirat! Richard A Horning, John Craddock, Eirik Newth og Peter Sunde (piraten!) er namn som gir ein internasjonal dimensjon til IT-Forum.
IT-Forum 2011 har fått tittelen ”Kunnskap kryssar grenser: – Raskt, trygt og ope”.
(Bilete): Richard A Horning er ein av dei store Silicon Valley-guruane. At Horning kjem til årets IT Forum-konferanse er eit aldri så lite scoop. Horning vil også ta seg tid til ein-til-ein møte med ei rekke IT-verksemder i fylket.
Av lokale føredragshaldarar vil Magni Haavardstun frå Bremanger halde føredrag om kor langt SYS-kommunane er kome i det viktige arbeidet med implementering av IKT i forhold til samhandlingsreforma. Andre lokale føredragshaldarar er m.a Runar Bergheim, Avinet, Grethe Hjetland, Highsoft as, Njål Wilberg, Beat.no og Heidi Kopperud, Måløy Vekst.
IT-Forum skal stimulere til utvikling av næringslivet og ein effektiv offentleg sektor i Sogn og Fjordane gjennom bruk av IKT-løysingar.
Dette er dei mest profilerte føredragshaldarane:
John Craddock
Dette er mannen som gir deg råd om korleis du kan optimalisere det tekniske innhaldet og tryggleiken i IT-systemet ditt. Craddock er ein av verdas fremste ekspertar på data-infrastruktur og sikkerheit. John har vore sentral i mange IT-prosjekt for m.a Microsoft, den britiske regjeringa og multinasjonale selskap som har behov for optimaliserte IT-system. Han har m.a vore medforfattar til tekniske fagbøker, og er ein populær og karismatisk føredragshaldar på store internasjonale konferansar som TechEd-konferansane; – og no på IT-Forum! Han vil halde tekniske dybdeføredrag om m.a. IPv6 og PKI, og plenumsføredrag om sikkerheit.
Eirik Newth
Eirik Newth er astrofysikar, forfattar og glimrande formidlar av vitskap og teknologi. Eirik er ein landets mest erfarne og siterte web-bloggarar, og blir ofte brukt som kommentator som handlar om framtidsforsking. Han er energisk, levande engasjert og nyfiken – anten det er på parketten til ”Skal vi danse” eller på føredragspodiet. Eirik vil ta oss med på ei reise fram i tid – Sogn og Fjordane dei neste 40 åra på 40 minutt! Og i dette framtidsperspektivet spør vi han konkret: Er strategien i Sogn og Fjordane med satsing på breiband og bruk av videokonferansar, streaming og kunnskapsdeling rett medisin for oss? Om vi utnyttar dei teknologiske moglegheitene, vil vi då klare å oppretthalde og vidareutvikle næringslivet og offentlege tenester i Sogn og Fjordane? Er vi på rett veg?
Peter Sunde
Peter Sunde er ein av dei tre grunnleggarane av det største og mest omfattande fildelingsnettverket som finst; The Pirate Bay. Det handlar ikkje berre om fildeling på internett, men også om ytringsfridom, openheit, nøytralitet på nettet og personleg integritet. På IT-Forum vil Peter dele sine erfaringar og tankar kring alle desse temaene. Han reiser verda rundt med føredrag og deltek i diskusjonar kring Internetts framtid – no også i Balestrand! Internett-entreprenøren og programmeraren er omtala som hovudfienden til ein samla mediebransje, ein politisk aktivist, ein hardkokt kriminell, og ein språkmektig forkjempar for ytringsfridom og uavhengigheit. Peter Sunde er ein fasinerande mann med viktige og spennande synspunkt på IT, Internett, openheit og framtid. Er han for alltid ein pirat?
Richard Allan Horning
Silicon Valley; IT-verdas vugge! Gjer deg klar for eit scoop av eit føredrag av ein mann som ”kan” Silicon Valley ut og inn. Richard A. Horning er ”Norges ambassadør” i den ikonaktige dalen. Han har mellom anna tittelen “President of Silicon Vikings, San Fransico”. Silicon Vikings er ein nettverksorganisasjon som har som mål å knyte teknologi-relaterte verksemder i Silicon Valley og i nordiske land tettare saman for å stimulere entreprenørskap og verdsleiande innovasjon. I dette arbeidet er Horning særs sentral. Dette er din og Sogn og Fjordane sin sjanse til å oppleve og knyte kontakt med ein mann som har eit unikt nettverk, unik kompetanse og unike relasjonar. Horning er ein glimrande føredragshaldar som vil ta oss med gjennom historia til Silicon Valley og inn i framtida. Han er advokat og arbeider i SNR Denton US LLP sin Venture Technology Group på Silicon Valley-kontoret. Han har fått utmerking som ”IP Super Advokat” i Nord-California, og står på den eksklusive lista over ”International Who`s Who of Internet and E-Commerce Lawyers 2009”. Kundane hans er alt frå ”garasje”-baserte gründerselskap til Fortune-lista sine topp-500 multinasjonale selskap. Møt mannen som kan ta ambisjonane dine til eit globale nivå!
INFO OM PROGRAM OG PÅMELDING:
www.it-forum.no


