Festivalen Norsk Drikke
NORSK DRIKKE – VIKTIG NY FESTIVAL!
Festivalen Norsk Drikke blir arrangert i Balestrand 7-9 oktober. UTFYLLANDE info og påmelding for festivalen: www.norskdrikke.no
Bilete: Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (t.v) opna Ciderhuset i 2010. Her med Åge Eithungjerde i Ciderhuset som er medarrangør av Norsk Drikke.
”Norsk Drikke” skal vere ein årleg nasjonal læringsarena, utstillingsplass og inspirasjonssamling for alle som er interesserte i norskproduserte drikkevarer som fruktmost, cider, fruktvin, øl, fruktbrennevin, akevitt og kornbrennevin. ”Norsk Drikke” blir den første nasjonale festivalen/konferansen i sitt slag med eit breitt perspektiv på norskprodusert drikke og bruk av norske råvarer i produksjon av norsk drikke.
Festivalen består av ein fagdel og ein publikumsdel. Fagdelen er innretta mot restaurantar, hotell og andre aktørar innan norsk reiseliv og kulturliv, daglegvarehandel, grossistar og små og store drikkeprodusentar – over heile landet. Publikumsdelen har spesiell appell til vinklubbar, ciderklubbar, akevittklubbar, cognacklubbar og ølklubbar og alle med interesse for smak og det gode måltid. Det er Ciderhuset i Balestrand som er arrangør av festivalen saman med Kviknes Hotel og eventselskapet HippHipp Flora i Florø.
FRIDTJOVPRISEN
Norges Bondelag og NHO Reiseliv omfamnar festivalen og set sitt kvalitetsstempel på arrangementet ved å dele ut Fridtjovprisen.”FritDjovprisen” blir Den norske prisen for Årets drikkeprodukt av norske råvarer, og skal bidra til å heve merksemd og kvalitet i alle ledd kring norsk drikke. Prisen er ein statuett laga av kunstnaren Geir Hjetland. I tillegg delar festivalen ut premiar i følgjande kategoriar:
- Friskpressa most/juice
- Cider
- Frukt- og bærvin
- Øl
- Fruktbrennevin
- Potetbrennevin (akevitt)
- Kornbrennevin
Workshops
På festivalen blir det i tillegg til fagrelaterte føredrag også workshops i fem fagfelt: Vin og fruktmost, Norsk mat og akevitt, Øl, Cocktails av norsk drikke, Cider og fruktbrennevin.
Dei mest profilerte føredragshaldarane er:
Harald Osa
Harald Osa var på Kokkelandslaget i tolv år (også lagkaptein) og dreiv i si tid Hotel Continentals kjøkken, samt kjøkkenet på Holmenkollen Restaurant. Han var også sentral i TV2-serien ”Kokkekamp”. Han er ein av dei mest premierte norske meisterkokkane våre.
Niels Chr Geelmuyden
Geelmuyden er mest kjent for dei mange fantastiske portrettintervjua han opp gjennom åra har skrive i Kapital, Henne og andre publikasjonar. . Geelmuyden har mottatt utmerkingane Gullpennen og Fritt Ords Honnørpris. Det er hans skråblikk på norsk drikke som vil innleie Festivalen Norsk Drikke.
Merete Bø
Merete Bø er Norges første kvinnelege Norgesmeister for Vinkelnere. Til dagleg jobbar Merete Bø som Sommelier på Restaurant Bagatelle. Ho er også velkjent som vinjournalist i Dagens Næringsliv. Med si eminente kunnskap om norsk drikke skal Merete både halde grunnseminar om ”Norsk Smak” og workshop om ”Vin og fruktmost” på festivalen.
I tillegg til Bø og Osa vil ei rekke fagpersonar frå mellom anna Barakademiet, Vinmonopolet og Norske Akevitters Venner gjennomføre workshop og føredrag på festivalen ”Norsk Drikke”. I tillegg til sterke føredragshaldarar skal også Heine Totland og Gisle Børge Styve og Håvard Lothe underhalde på festivalen.
UTFYLLANDE Info og påmelding: www.norskdrikke.no
Bli med og hev glaset for Norsk Drikke!


