Haustmøte - Vått, grått og grønt

Onsdag 21. september 2011 kl. 19.30, GLOPPEN UNGDOMSSKULE

HAUSTMØTE I HAGELAGET – VÅTT, GRÅTT OG GRØNT
Vått, grått og grønt. Kreativ – og ofte svimlande enkel – bruk av vann,
stein og trær i hagen.

Her får du mengder av smarte hagetips og masser av boblande inspirasjon for din hage, om den er stor eller liten. Mange svært gjennomfør bare idear både for den nye og den gamle hagen. Har du ikkje hage… er hausten ei fin tid for det grunnleggjande. Her får også den som er
interessert i betong og stein masser av solide idear! Dette er et foredrag
som også menn likar veldig godt, så det er ingen grunn for nokon å holde seg
heima!

Anne Tafjord – Kirkebø vil krydre sitt foredrag med gode tips, plukka opp
etter flowershows og hagebesøk i inn- og utland. Tida framover er glimrande
for å gjere noko smart i hagen. Denne kvelden får du a-ha opplevelsar, med
idear og praktiske råd, til tider litt ellevilt. Med stein, vann og grønt
kan det bli enklare, ryddigare, reinare og ikkje minst større trivsel og
hageglede i alle livsfasar. Siste del av foredraget er eit vakkert bildeshow
til musikk der nokre av tipsa finnes i ein velkomponert hage på Vestlandet.
Anne Tafjord Kirkebø har ei unik evne til å fanga opp det positive … ”du
trur det ikkje før du får sjå det”.

Anne T. Kirkebø er kjent frå mange foredrag over hele landet, frå TV, radio og aviser.
Ho fronta brunsneglsaka og sto bak Blindpassasjeraksjonen. I vinter/vår
var ho på nrk Hordaland kvar 3.veke med idear og inspirasjon til hyggelig
haging. Ho har nylig begynt en ny serie med “Høst i hagen” på nrk Hordaland.
Under siste del av foredraget viser ho oss ein nydelig vestlandshage der
mange av dei elementa ho har snakket om, kjem fram. Denne delen vises
til musikk og du blir garantert inspirert!

Det blir også tid for eit lite lotteri samt kaffi/te-pause.

Velkommen til hagemøte … alle hageglade !

Vist 24 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?