Fottur frå Kandal til Botnafjellet og Blåeggja
Vi køyrer heilt til Indre Kandal og svingane opp i Myklandsdalen, deretter på bru over elva like før bomstasjonen til fjellvegen. Fotturen startar ved Løvland. Vi går opp i Blådalen til Blådalsvatnet, kryssar over elva på bru og litt tilbake mot eit lite vatn. Deretter opp eit gjel til fjellryggen. I gjelet tek vi det med ro så vi ikkje løyser stein. Vi følgjer så fjellryggen opp til varden på toppen av Botnafjellet. Utsiktpunktet nede i nordvest tek vi oss ikkje tid til å vitja denne gongen. Det blir ein lang nok tur likevel. Deretter ned i skardet i sørvest og følgjer Blåeggja. Der må vi kryssa over nokre (relativt flate) felt med snø og is. I enden av Blåeggja ned på vestsida av eggja og deretter rundt til Eggene. Så nedover svabergsryggen på austsida av Kvanndalen og kryssar elva frå Kvanndalsvatnet. Det finst ein stad der som normalt er grei å koma over. Nedover på nordsida av elva til Blomskredvatnet. Vidare langs elva og på stien nord for Tverrelva bratt ned til Mykland. Så ein kort vegstubb attende til bilane.
Dersom det ikkje blir vêr til å gå Blåeggja kan vi frå Botnafjellet følgja oppturen ned att til vel nedom Blådalsvatnet og kryssa over til Blomskredvatnet der.
Avreise Esso i Førde kl 07.30. Avgang Indre Kandal kl 09.00
Turleiarar Gunnar Bjørlykke og Svein Årdalsbakke møter i Kandal.
Vel møtt til ein flott tur med fin utsikt!
Værforbehald. Sjekk www.istur.no fredagskvelden.
Biletet viser Botnafjellet frå Blåeggja. Eit mektig fjellmassiv som rager 100 m over Skjorta.


