Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (onsdag 31. august 2011). Les mer om roperten…

Teater: Få meg på, for faen av Olaug Nilssen

Måndag 17. oktober 2011 kl. 19.00, Høyanger samfunnshus

Eit samla kritikarkorps var frå seg av begeistring og full av latter då romanen Få meg på, for faen kom ut i 2005. “…gallopperende morsomt…”, kunne ein lese i Adresseavisen, medan Dagbladet omtalte boka som “…forfriskende og hemningsløst om tenåringskåthet og opprør…”. Etter kvart har boka blitt både teater og film, og endeleg blir teaterversjonen sett opp i heimfylket til Olaug Nilssen. Frå scena får du oppleve alle tre historiene vi kjenner frå boka.

I denne morosame «feel-good» historien får du møte tre kvinner frå den vesle bygda Skoddeheimen. Dei er hovudpersonar på skift og dei har alle til felles at dei drøymer om eit meir spennande liv, der dei blir sedde og høyrde. Tenåringsjenta Alma, litteraturhistoriens kåtaste tenåring, blir heilt i svime av begjær når det oppstår seksuell kontakt med bygdas kjekkas Artur. Studenten Maria føler seg usynleg og drøymer om å bli intervjua av Halvor Folgerø på NRK Vestlandsrevyen. Kona til Sebjørn er heimeværande med åtte ungar og fantaserer om jobb på Skoddeheimen Nepeforedling AS. I tillegg får du møte Sebjørn, Artur, Mor til Alma, den Radikale, den Nesteldste, Sjefen 1 og Sjefen 2.

Regi: Bodil Kvamme
Scenografi: Leiko Fuseya
Lysdesign: Torkel Skjærven
Medverkande: Tiril Engelstad, Anne E. Kokkinn, Katrine Lunde Mackenzie, Lykke Kristine Moen,
Kyrre Eikås Ottersen, Linn Pettersen, Hanne Skille Reitan og Lars Melsæter Rydjord.

Première i Teatersalen, Førdehuset torsdag 22. september. Turné i Sogn og Fjordane 23.9.-21.10. og i Hordaland 24.10.-30.11. Få meg på, for faen er eit samarbeid med Hordaland Teater.

Vist 49 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?