Kostar hjorten så mykje for enkelte at vi må redusere hjortestammen
Hjortemøte i Askvoll
Vi veit at intensiv beiting av hjort fører til vesentleg skade på enga. Vi veit og at skadeomfanget varierer mykje mellom teigar og gardsbruk. Men kva er nytte- og kostnadsverdien av hjorten for den aktive gardbrukaren ? Kan vi ta omsyn til ulik skadebelastning ved tildeling av hjorteløyver (intern fordeling)? Har vi takseringsmetodar som gjer at slik differensiering er mogeleg? Og ikkje minst; er slik differensiering avgjerande for å oppretthalde ein høg hjortestamme. Dette blir hovudtema på møtet.
Program
”Kostar hjorten meir enn han smakar”,Forskar Pål Thorvaldsen, Bioforsk
Debatt
Kommunal forvaltningsplan for hjort, Johannes Folkestad, Askvoll kommune
Viltmottak på Bakke Kjell Kristian Carlsen
Enkel servering
Vel møtt til ein hjortekveld på Askvoll Fjordhotell

