Familiedagen i Holmedal

Søndag 7. august 2011 kl. 10.00, Holmedal sentrum

Sundag 07.08.2011 vert det Familiedag i Holmedal som ein del av Dalsfjordveka. Det vert kyrkjeferd med robåtar frå Straumsnes kl 10:00 til Kyrkjevoren i Holmedal. Der vil bygdafolk ta vel i mot “sunnafjordingane”. Så blir det Familiegudstjeneste ved Holmedal Eldresenter kl 11:00 ved soknepresten.Vert det dårleg ver vert gudstjenesta i Holmedal kyrkje.
Holmedal Bygdemuseum held ope, og dei arrangerer loppemarknad frå kl 12:00 – 14:00.
Elles kan du vere med på aktivitetar som kapproing, hesteskokasting,kajakkpadling og fleire kjekke aktivitetar for heile familien. Bakkejekta ligg ved Kyrkjevoren, og det vert omvisning på Helle Knivfabrikk.
Du vil også finne salsbodar med lokale produkt. Matglede vil vere tilstades med sine gode produkt av tradisjonsmat. Det vert også sal av kaker og kaffi mm.
Så godtfolk set av denne sundagen til å vere saman med bygdefolk og kjentfolk i Holmedal. Arrangementet passar for folk i alle aldrar. Velkomen kvar einskild av dykk.

Vist 65 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein deltok Person_gray

Kvar skjer det?