Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (måndag 27. juni 2011). Les mer om roperten…

Songtitlar og Måleri

Tysdag 9. august 2011 kl. 18.00, Galleri Instituttet

Songtitlar og Måleri

Laurdag 2. juli opnar Lillian Samdal og Kristi Ylvisaker utstilling ved Galleri Instituttet i Svedal, Sogndalsdalen.

Galleri Instituttet vart starta av kunstnaren Kristi Ylvisaker i 2002. Den norsk-amerikanske kunstnaren, som vaks opp og tok utdanninga si i USA, flytta i 1972 til Sogndal der ho hadde sine anar. Der fann ho kjærleiken og slo seg ned. Ylvisaker har eit breidt utval utstillingar og offentlege utsmykkingar i Noreg og USA bak seg. Oljemåleria som vert stilte ut i Galleri Instituttet denne sommaren er produserte det siste året ho levde. Ylvisaker målte heilt fram til ho gjekk bort våren 2010.

Lillian Samdal er biletkunstnar, songar og låtskrivar frå Sunnfjord. Samdal viser i denne utstillinga ei samling objekt som vart til under eit stipendopphald i Berlin i vår. Prosjektet med namnet songtitlar, er eit møte mellom musikk og visuell kunst som uttrykksform. Eller snarare, eit kunstprosjekt som handlar om å ynskje å lage musikk. Kunstnaren viser her deler av sin eigen prosess med å skrive musikk og tekst. På kvar sin måte seier dei små objekta i utstillinga noko om arbeidet mot å få til noko ein drøymer om. Dei opptrer som scenografi eller kulissar for ein arbeidsprosess.

Utstillinga står til laurdag 13 august.

Det vert konsert med Lillian Samdal på opninga.

Vist 2133 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Så flott!

Var du med?

Kvar skjer det?