Vårmøte i Hageselskapet Gloppen
Våren har endeleg gjordt sitt inntog etter ein lang vinter. Vi kikkar etter små lysglimt ute i hagen mellom det som spirar og gror, kva har overlevd denne vinteren. Det er nye små overraskingar kvar dag.
No oppfordrar vi alle til å ta ein liten pause og ta turen på møtet vårt. Vi får nemleg besøk av pionmannen, Eivind Hansen. Han har dreve med pionar ei lang stund og veit alt om dette temaet. På heimesida hans, finn vi mykje informasjon og rettleiing om planting og stell. www.pionhagen.no.
Han har også med seg ein del pionar for sal.
Det vil også bli eit lite lotteri samt kaffi/te-pause.
Alle er hjarteleg velkomne.

