Teaterstykket "Dama i luka"
”Spennende lek med ”virkeligheten”” BT
”Hjarteskjerande og morosamt” Firda
”…får fram latteren…” Sunnmørsposten
Det er eit spenstig teaterstykke med ein underfundig humor. Maria Tryti Vennerød fekk Ibsenprisen 2005 for nettopp Dama i luka som no blir sett opp ved Sogn og Fjordane Teater (SoFt). Stykket har ei realistisk ramme. Eit ungt par hamnar på sjukehus etter ei alvorleg trafikkulukke. Jenta er gravid og hardt skada. Guten sit på venteromet. Der er også dama i luka. Stykket rører også eit surrealistisk plan: Er vi verkeleg på venteromet? Er alle den dei gir seg ut for? Kven er levande og kven er døde?
Regi: Bodil Kvamme
Scenografi: Leiko Fuseya
Lysdesign: Torkel Skjærven
Lyddesign: Jørgen Knudsen
Medverkande: Elise Christine Eide, Lars Melsæter Rydjord og Marit Østbye.


