Minikonsert og årsfest
Soknerådet ønskjer å gjere litt stas på alle som bidrar i det store kyrkjelydsarbeidet i Førde. Difor er alle inviterte til minikonsert og årsfest på Førde kyrkjetun onsdag kveld.
Førde Minigospel og Førde Tween Sing opnar festen med song og musikk frå musikkspelet ”Å så vakkert”. Vidare blir det verbale innslag, alvor og humor, song og ei god matøkt.
Årsfesten gir kyrkjelyden ein sjanse til å diskutere soknerådets årsmelding og rekneskap for fjoråret, men også til å lufte synspunkt på arbeidet vidare.
Årsmeldinga fortel at det er mykje å glede seg over. At sjølve kyrkjebygningen er blitt 125 år, vart markert sist haust, mellom anna med ein stor konsert på jubileumsdagen. Korsongen står sterkt, det vart vist til fulle då både Knøttekoret, Førde kyrkjes jentekor, Førde Minigospel, Førde Tween Sing, Deciding, Førde gutekor, Førde jentekor og Førde kyrkjekor medverka!
Til jubileet fekk Førde kyrkje også ei flott gåve; 3. oktober kunne to klokker i tårnet invitere til kyrkje då 125-årsmarkeringa heldt fram med gudsteneste og kyrkjekaffi.
Men årsmeldinga viser først og fremst at det er stor aktivitet i kyrkjelyden året rundt. På grunn av trusopplæringsreforma, som har komme langt i Førde, er det i gang eit omfattande arbeid for born og unge frå 0 til 18 år. Ikkje minst har babysong slått godt an, i Førde under namna ”Spiren” og ”Babyspiren” på kyrkjetunet. Kyrkjetunet er også base for dei mange barne- og ungdomskora og konfirmantundervisninga. I kyrkja vert det gjennom året halde både fireårssamling, seksårssamling, Vakuumveka (7-10 år) og Lys vaken for 11-åringane, i tillegg til tilbod for barnehagar og skule.
Kyrkjesøknaden held seg stabil i Førde, viser statistikken. I tillegg til høgmesser og familiegudstenester søndag kl. 11 er det blitt vanleg med Tomasmesse og kveldsmesse til andre tider. I fjor var dessutan kyrkjekonsertane svært godt besøkte.
Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste, og siste året vart det satsa spesielt på kristent interkulturelt arbeid (KIA), diakoni i trusopplæringa og samarbeid med Kronborg Ressurshage. Dei månadlege KIA-samlingane, som kom i gang i fjor, er blitt eit godt besøkt treffpunkt på tvers av kulturar. KIA er eit samarbeid mellom kyrkja og misjonsorganisasjonar. Elles er kyrkjelyden sine misjonsprosjekt framleis i Madagaskar og Mali.
Med så mange tilbod på så mange felt trengst det også mange frivillige medarbeidarar i tillegg til ein dyktig stab. Det har vi i Førde, og soknerådet vil takke alle som bidrar. Ein måte å takke på er å invitere til fest på onsdagskvelden – til informasjon og inspirasjon!
Førde sokneråd



Kommentarar
NY TRADISJON: Allereie klokka sju om morgonen starta Luciadagen i Førde kyrkje i fjor. Nytt i 2010 var også Førde kyrkjes jentekor, som hadde si første øving i august. Koret tel rundt 35 jenter frå første klasse og oppover. Foto: Arvid Anthun