Vårskitur på Grovabreen

Laurdag 26. mars 2011 kl. 09.00, Grovabreen, Jølster

Laurdag 26. mars arrangere Indre Sunnfjord Turlag skitur til høgste toppen i Førde, Grovabreen. Vi startar frå Dvergsdalstølen i Jølster og går mot Tverrfjellet, vidare mot Salsegga og opp på breplatået . (1637 m.o.h. ) Retur vel vi ut frå ver og føreforhold. Turleiar er Asle Veien. Det er ikkje påmelding, men lurer du på noko er det berre å ringe 97055203.
Turen tek 7 – 8 timar og passar for dei som er i rimeleg grei skiform og som vil oppleve ein tur på breen. Tempoet vil ikkje vere skremmande. Dette er ein tur der nokre prioritere nedrennet og går med breie tunge ski medan andre heller vi ha ein lett opptur og vel vanlege ski – kvar sin smak.
Dette er ein av dei klassiske turane i Sunnfjordsfjella. Du får ei flott utsikt utover Jølster og men litt flaks møter vi reinsflokken som går i området. Felles avreise frå Esso i Førde kl. 09 og frå Dvergsdalsdalen kl. 10

Vist 70 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?