"Vent og sjå, det går nok over!" Temakveld om fagvanskar

Onsdag 9. mars 2011 kl. 18.00, Øyrane vidaregåande skule

Har du barn som slit med lesing, skriving og/eller matematikk på skulen? Du er ikkje ålene! Mange barn og unge i Sunnfjord har lese- og skrivevanskar. Er du interessert i å høyre/lære meir og få svar på kvifor det er viktig med tidleg adekvat hjelp? Møt opp på Øyrane vidaregåande skule, Concordbygget. tysdag 9. mars kl 18.00. Foredragshaldar Åsne Midtbø Aas kjem til Førde frå Notodden. Ho er mor til en med dysleksi og har tidlegare jobba som lærar og rektor. No jobbar ho i Dysleksi Norge som pedagog og held foredrag og kurs, blant anna nettkurs om dysleksivennleg skule. Aktuelle tema: Tilrettelegging, kvifor og korleis? Samarbeid, sjå ressursar og løysingsar. Engelsk og dysleksi. Fritak frå fag pga dysleksi..? Vi stiller og spørsmålet: Kva kostar det samfunnet og den enkelte når vi ikkje tek tak i fagvanskar tidleg nok? Kaffipause.

Alle interesserte kan møte opp! Fri entre.

Arr: Dysleksi Sunnfjord

Vist 228 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?