Brenningmysteriet - to levande og to døde
Brenningmysteriet – TO LEVANDE OG TO DØDE –
av Otto Homlung, basert på ei bok av Egil Ulateig
Eit drama om krig og kjærleik basert på soga om firebarnsmora som rømde med ein av fienden sine soldatar i 1943. Dei rømde via Askvoll, Naustdal, Hyen, Lotsberg og Stryn vidare austover til Gudbrandsdalen og Sverige. Der levde dei utan å gi livsteikn frå seg i mange år etterpå. To brør frå Brendsdal i Hyllestad skyssa dei eit stykke på vegen med båten sin. Desse to karane vart aldri funne att, og det rømde paret legg eit slør over historia. Båten ”Brenning” vart funnen i Gjøringebøvika i Førdefjorden på 70-talet, saman med patroner og tomhylser.
Teoriane om kva som hadde skjedd har vore på folkemunne i alle år sidan. Mange trur at karane vart tekne av dage av den væpna soldaten. Kva er løgn, kva er fortrengt og kva er gløymt? Stykket er samstundes ei skildring av ei kjærleikshistorie med så sterke kjensler som berre ein krig kan gi årsak til. Kampen for kjærleiken og kampen for å overleve vert i stykket skildra i eit fortetta menneskeleg drama som gjer sterkt inntrykk. I krig og kjærleik er alt tillate!
Speleplan og meir informasjon på www.softeater.no


