Jaktstart med felebyte
Linda Eide og Sigrid Moldestad tek publikum med på ei musikalsk og verbal reise inn i vestlendingens ytre og indre sjeleliv, med framifrå gjesteartistar frå både kjerneområdet og dalstroka utanfor.
VM på ski susar av garde i Kollen. Og folkemusikken kling med i kappestriden på dei mest finurlege måtar, i alle fall når Moldestad og Eide fabulerer omkring temaet – i ord, tonar og audiovisuelle framstillingar.
- Korleis vil det audmjuke Vestlandet framstå når det blir sett frå vinnarbygda Voss, spør Eide og Moldestad. – Kva har Spelemannen Leif Rygg til felles med olympiaren Kristen Skjeldal? Kor mykje folkemusikk er det i dobbeldansen til Odd-Bjørn Hjelmeset? Og korleis høyres det ut når OL-medalja til Kari Traa kling med i Bjølleslåtten? Spørsmåla vert stilt og kanskje kjem det svar i løpet av ein ellevill vestlandstime. Dette er ei forestelling for alle, også for dei utan folkemusikalsk slektstavle eller VM-medaljer å visa til.
Forestillinga er ei nyfrisert VM-versjon av suksessen frå Landskappleiken 2010 på Voss, der Linda Eide og Sigrid Moldestad med gjester fyllte Voss idrettshall ein kveld i juni.
Husband og gjestemusikarar!


