Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Jul på Origo (onsdag 15. desember 2010). Les mer om roperten…

Juleførebuingar i Movika

Tysdag 21. desember 2010 kl. 10.00, Sunnfjord Museum

I desember plukkar Sunnfjord Museum fram julepynt, -kort, -merke, -hefte og anna som høyrer jula til frå den 100 år gamle samlinga og lagar utstilling til fryd for auge, til mimring og ettertanke.
Me vil sjå på korleis folk førebudde høgtid ute og inne, finne forteljingar om tru og skikkar i den mørkaste perioden rundt jul, arbeid som måtte gjerast, skaparkraft med enkle materialer og sjølvbergingskunne. Me pyntar juletre, syng, leikar og lagar julepynt.

Museet har lånt inn ei stor glansbiletesamling der ein kan fordjupe seg i jakta på gamle favorittar av nissar, englar, bilar og prinsesser med meir – og minnast eigne samlingar.
Born likar å høyre vaksne fortelje frå ”gamle dagar”, så her er godt stoff for generasjonstreff!

Museet ønskjer å fange opp fleire impulsar frå vårt distrikt og vår tid. Korleis er aktiviteten ute og inne i desember 2010? Har me mista noko på vegen til velstand og kjøpekraft, eller er tradisjonane i levande utvikling? Har våre nye landsmenn teke med seg skikkar frå sin kultur, har andre religionar markeringar som blandar seg med våre tradisjonelle?
Me har sett av godt med veggplass og innbyr alle til å sende sine bidrag til utstillinga på Sunnfjord Museum, anten som foto, teikningar, eller korte tekstar som viser kva du legg vekt på i denne mørkaste tida i året. Kva er din tradisjon, det du berre må ha på plass? Send bidraget ditt til post@sunnfjord.museum.no og bli ein del av utstillinga!

Kvardagar kl. 10 – 15 til 23. desember:

For grupper utanom opningstida: Telefon 57721220

Vist 39 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Kvar skjer det?