Kom deg ut-dag m/ tur til Ringstadvatnet

Søndag 5. september 2010 kl. 14.00, Askvoll kommune

Kom deg ut – kom i form! Premie til alle turbobarn!

Søndag inviterar Den Norske Turistforeining (DNT) heile Noreg på søndagstur. Bli med på vår nasjonale turdag, Kom deg ut-dagen. Hovudmålet med dagen er å motivere til auka fysisk aktivitet og naturopplevingar i folks nærområder som eit viktig avbrekk i kvardagen.
Kom og ver med på tur til Ringstadvatnet (ca 350 moh), med oppmøte på Ringstad kl. 11.00. Parkering ved bussholdeplass eller innanfor fjøsen til Anders Ringstad. Første del av turen går frå Anders på traktorvei, og vidare på god sti oppover mot vatnet. På veien vert det rebusløype og utforskning av naturen, og ikkje minst gode pausar. Turen tar 1 – 1 ½ time.
Ved stølen vert det felles samling, aktivitetar som fisking, balansering, pannekakesteiking, god pause, sosialt og eigen aktivitet.
Ta med fjellpass, mat, drikke, fiskeutstyr og godt humør.
Alle som har lyst til å vere med er hjartelig velkomne!
Har ein spm så ta kontakt på tlf: 90 98 85 42

Vist 30 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?