Bretur på Grovabreen
Laurdag blir det tur på Grovabreen med stegjern og isøks.
Vi går frå Søgnesand i Kjøsnesfjorden, opp dalen til skaret der vi dreier vestover til breen. Her møter vi blåisen med eventyrlege blåisformasjonar. Innbundne i tau vil turleiar Irene Befring lede oss gjennom dette sprekkeområdet til fjellpunkt på 1443 moh. Vidare går ferda til toppen på 1636 moh. eller rett kurs til nedgang Sægrov. Har vi tida på vår side går vi nordover Longeheia til Grovanipa, den flotte toppen på sørsida av Kjøsnesfjorden. Her er eit luftig skue på nær 1000 meter ned i den grøne fjorden og vestover Jølsterbygda. Frå toppen svingar vi oss ned til Sægrovstøylen, inn på stien og bratt ned til Sægrov. Med pausar tek nok denne turen rundt 10 timar. Hugs! Breturar krev gode varme klede, lue og vottar. Avreise i privatbilar frå Esso i Førde kl. 7 og frå Søgnesand kl. 8
Turlaget leiger ut breutstyr til dei som treng. Påmelding til Asle Veien 97055203.
Vel møtt på tur med Indre Sunnfjord turlag si Bre og fjellsportgruppe!


