Sopptur med hagelaget
UT PÅ TUR MED HAGELAGET –
Gloppen Hagelag arrangerar soppdag laurdag, då er det anledning for alle som har lyst, til å vera med. Finn fram soppkorga og kniven og kom ut, ta gjerne med naboen.
Vi har fått med ein fagperson som vil ha litt informasjon først, kva som er dei sikraste soppane og kva vi skal gjera. Det blir så ein tur ut i skogen. Vi skal også ha tid til ein mat/kaffipause (ta med). Det vil bli soppkontroll før vi går heim, slik at alle kan vera trygge på det dei har i korga.
Så får vi berre håpe at veret blir bra slik at vi får ein fin dag ute i skogen. Kanskje det er nokon som har ein kjempegod rett dei vil utveksle/fortelja om. Sopp er godt, både steikt og ja kva anna? Gode idear blir mottekne med takk.
Alle som har lyst og anledning er VELKOMNE.
Arr. Hageselskapet Gloppen

