Solund Høgre inviterar til ope temamøte om helse- og omsorgspolitikk
Solund Høgre inviterar til eit ope temamøte med fokus på helse- og omsorgspolitikk
Måndag 06. september kl. 19.00 inviterer Solund Høgre til eit ope temamøte om helse- og omsorgspolitikk på Solund Bryggje.
Solund Høgre ynskjer gjennom ei rekke temamøter å sette fokus på ulike politikkfelt i Solund kommune. I denne omgang inviterer vi til eit temamøte om helse- og omsorgspolitikk.
Program:
19.00: Velkomen ved leiar Solund Høgre, Ole Gunnar Krakhellen
19.05: Innleiing frå gruppeleiar Sveinung Kråkås
19.15: Innleiing ved prosjektleiar Ingunn Mjåtveit og helse- og omsorgsleiar Marit Utvær om det pågåande prosjektet for omorganisering av helse- og omsorgssektoren i Solund kommune.
I etterkant av innleiingane vert det sett av tid til ein open runde med dialog frå alle interesserte.
Det er ei kjend sak at den som arbeidar tettast opp mot utfordringar, er den som ser dei beste løysingane, og kan kome med dei beste innspela på korleis ting skal gjerast. Tida for å legge eit nytt årsbudsjett for kommunen nærmar seg. I årsbudsjettet får kvar einskild sektor si økonomiske ramme å styre etter. Det er derfor viktig at politikarane har best mogeleg kjennskap om dei utfordringane kvar eining har til dagleg.
Solund Høgre inviterer difor alle innbyggjarar i Solund kommune som har eit engasjement for helse- og omsorgspolitikk til eit spanande temamøte!


