Telepensjonistane Sogn og Fjordane
I staden for medlemsmøte første tirsdagen i månaden, vert det denne gongen rundtur med buss Førde-Dale-Holmedal-Vårdal-Askvoll-Førde. Vi startar frå Firda Billag kl. 0900 til Dale med besøk på Dalsåsen kunstnarsenter og Klokkargården. Deretter ferje til Eikenes og omvising på Galleriet v/ Odddveig Lyngstad. Vidare besøker vi Helle fabrikker og museet. Kaffe og vafler på Holken, og middag på Askvoll Fjordhotell. Dette blir ein flott tur som berre kostar kr. 500,- alt inkl. Vi håper alle påmelde møter opp. Det er og plass til fleire på bussen. Ikkjemedlemmer av telepensjonistlaget er og velkomne til å bli med på turen.
