Jonas Fjeld & Hilde Heltberg opnar Glopperock fredag 11.juni

Fredag 11. juni 2010 kl. 20.00 til 22.00, Sandane, Trivselshagen

Hilde JonasSorthvitt

Dr. Jonas Fjeld har hatt nokre fantastiske år. I løpet av dei siste åra har det formeleg hagla nye plater, som alle har selt både til GULL og PLATINA.
Pressa har kasta til dei høgste terningkast og publikum har storma til konsertane, som stort sett har selt til fulle hus kvar gang

Han siste suksess, er hausten 2009, ”Den Gamle veien”. Albumet som han har gitt ut saman med Henning Kvitnes. Albumet, saman med den påfølgjande turnen, har vore hausten sin, og vinterens store publikums suksess. Fulle hus overalt, og plata har selt til PLATINA, og sel framleis godt. Denne utgjevinga vil være den 30 i rekka av album, han enten har gitt ut med andre, eller soloalbum.

Jonas Fjeld har også gjeve ut ein annen publikumsfavoritt i 2009. ”Brother Of Song” med Chatham County Line. Også den etterfølgt av ein utselt turné over 6 veker. Albumet er no nominert til Spelemannspris.
Det har vore eit travelt år, og frem til og med april 2010, så vil han turnere med Henning Kvitnes. Etter det er han soloartist igjen, og vil ta med sitt eige band på turne.

På dei fleste jobbane med band, vil hans mangeårige samarbeidspartnar Hilde Heltberg være med. Hilde Heltberg har kanskje Noregs vakraste stemme, spelar i tillegg gitar, og lagar eigne låtar.

Hilde er ikkje like produktiv som Jonas Fjeld, men kom også ut med eit kritikarrost album ”Elske Fritt” hausten 2009. Ho har til gjengjeld hatt det like travelt LIVE. Når ho ikkje har solokonsertar, har ho reist rundt som duettpartnar til enten Jonas Fjeld, Henning Kvitnes eller Kari Iverland.

Hilde Heltberg har gitt ut 4 soloalbum, og bidrege på enda fleire. Utallige er dei ho har samarbeida med oppover åra, og ho er elska av publikum.

Fredag 11.juni kl.20.00 vil Jonas Fjeld og Hilde Heltberg opptre saman med band i kultursalen i Trivselshagen på Sandane under Glopperock 2010.

Meir info på:
www.hildeheltberg.no
www.jonasfjeld.com

Vist 56 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Kvar skjer det?