Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (tysdag 27. april 2010). Les mer om roperten…

Smartare vekst i Sogn og Fjordane?

Torsdag 29. april 2010 kl. 11.00 til 18.00, Kviknes hotell

”Smart vekst” er tema under årskonferansen til NHO Sogn og Fjordane 29. april og Teo Hären er hovudtrekkplasteret. Han er blant dei mest populære foredragshaldarane i Sverige og hjelper personar og organisasjonar til å bli meir kreative. Også gründerar og leiarar i Sogn og Fjordane skal vere med å diskutere ”smart vekst” i Balestrand.

Bakgrunnen er at vi blir stadig færre som skal forsørgje fleire. Mange fell utanfor arbeidslivet. Evna til å tenkje nytt, kombinert med høg kompetanse og avansert teknologi, er noko av det som skal gjere oss i stand til smartare vekst i framtida.

NHO meiner vekst er nødvendig for å sikre velferda. Sjølv om Sogn og Fjordane er eit spennande fylke med bedrifter som har vore vant til å ta omstilling og leggje grunnlag for vekst og verdiskaping, krev framtida nye løysingar.

NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse 2010 på Kviknes Hotell, vil du også møte administrerande direktør i NHO, John G. Bernander og direktør for regional utvikling i SINTEF, Sigurd Kvernes.

Bedrifter som gjer ”gull av gråstein” er Njål Wiberg (Ask Adam), Stine Lilloe-Olsen (NordWest3D), Arild Bødal (Septic24) og Aud Ingrid Espeland (Fjord Invest Management).

Andre som skal delta om temaet ”smartare vekst” er stortingspolitikar Erling Sande, fylkesrådmann Jan Øhlckers, avdelingsdirektør NAV Arbeidssenter, Tove Rygg, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, professor ved Høgskulen, Erling Holden, adm.dir. Sparebanken Sogn og Fjordane, Arvid Andenæs og Tarje Bjørgum i Abelia.

Les meir på http://helenorge.nho.no/sognogfjordane/article.php?articleID=9016&categoryID=13

Vist 228 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Ein deltok Person_gray

Kvar skjer det?