1. mai-tog i Førde
Oppstilling på Fisketorget kl 12.15. Førde ungdomskorps stiller i 1.mai-toget i år.
Toget går kl. 12.30 frå Fisketorget over Storehagenbru, gjennom sentrum nord forbi Firda Billag og gjer ein sving ved Sparebanken SFj. og går innover Bankbrua til Festplassen og Nynorskens skog, der arrangementet føregår skal vere.
Årets parolar som vart vedteke på møte i 1. mai-komiteen den 8.april er:
1. Ikkje rør uførepensjonen!
2. Lovfesta rett til heiltid. NO!
3. Framleis industri på Øyrane
4. Nei til marknadsliberalisme – styrk sentralsjukehuset
5. Nei til fjorddeponi
6. Styrk vestlandsbonden
7. Respekter barns rettar
Vi ynskjer alle vel møtt!!
Mvh. 1.mai-komiteen 2010: LO Førde og Omland, Arbeidarpartiet, Raudt og SV .

