Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (torsdag 15. april 2010). Les mer om roperten…

Konsertoppleving i Høyanger

Laurdag 17. april 2010 kl. 19.00, Høyanger samfunnshus

Laurdag 17.april inviterer Fagforeningens Musikklag i Høyanger til konsert. For nokre år sidan hadde vi eit vellukka prosjekt der songar av Høyangers eigen visesongar og -diktar Tore Norvald Osen vart arrangert for korps og solistar. Som sist gong er vi så heldige å ha fått med oss sopranen Synve Lundgren frå Wien, og far hennar, Olav Lundgren, pensjonert klarinettist frå Kringkastningsorkesteret. Vi har også med oss eit barnekor, beståande av elevar frå 4. og 8.klasse ved Høyanger Skule. I tillegg til musikken til Osen vert det eit variert utval; frå kjende operetter til akrobatisk trommesolo. Konferansier for kvelden er Olav Lundgren, korpsets dirigent Jason Burn og Gry Sissel Sagen dirigerer barnekoret. Konserten finn stad i Høyanger Samfunnshus kl. 19.00.

Biletserie med 1 bilete — bla med å trykkje på pilene
Vist 130 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Kvar skjer det?