Annonse
Annonse
Fjordaglimt

Palmerevyen 2010 "Brød og sirkus"

Lørdag 27. mars kl. 20:00 til 22:30, "Saften" på Hermansverk

Brød og sirkus til folket" er eit uttrykk frå dei gamle romarane som gav ut gratis brød og viste gladiatorkampar for at folk ikkje skulle protestere mot den politiske styringa.

Leikanger Mannskor har teke med seg dette utrykket inn i årets palmerevy. Ikkje for å stagge nokon som helst i det heile teke. Heller under mottoet – Desto meir liv i politikken, desto endå meir liv på revyscena,, og i år gir det seg utslag i stor dramaturgi og sikkeleg sirkusstemning på scenekanten.

Vi kjem til å sleppe ein del kattar ut av sekken i tida som kjem. Det er berre å få kjøpt billettar så fort som råd er, og vi lovar ein revy med trøkk og skikkeleg palmesus

Var du med?

Logg inn for å velje di deltaking!

Kvar skjer det?