Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (fredag 12. mars 2010). Les mer om roperten…

Ope møte for å informere om kutta i uføretrygda

Onsdag 17. mars 2010 kl. 19.00 til 21.30, Høyanger samfunnshus

Onsdag 17. mars kl. 19 i diskoteksalen, Høyanger samf.hus blir det ope møte om kva som er i ferd med å skje med økonomien til dei uføretrygda (250 menneske i Høyanger og over 5.000 i fylket). Regjeringa sitt forslag inneber at uføre vil få kutta alderspensjonen med heile 18 prosent!
Det finst også eit forslag om å ta bort det behovsprøvde barnetillegget. Dette vil koste uføre 20.000 kr i året. Styresmaktene sine forslag vil ramme mange i Norge – 43 % av oss blir uføretrygda før fylte 67 år (48 % av kvinnene og 38 % av mennene).
NTL-tillitsvalt og styremedlem i Forsvar Offentleg Pensjon, Gudrun Høverstad frå Oslo, vil på Raudt-møtet informere om dette og mykje meir når om uføretrygd. LO-kongressen 2009 gjorde klare vedtak mot nedskjeringane på uføretrygda. Raudt vil informere om dette for å skaffe støtte til LO-kongressen sitt vedtak. Vi vil at fagforeiningane skal forsvare dei uføretrygda sine interesser og seie klart frå om dette, slik at Regjeringa ikkje vågar å trasse LO og dei uføretrygda.
Første steg er informasjon – derfor arrangerer Raudt Høyanger dette møtet. Kom på møtet – det blir fri tilgang og enkel servering.

Vist 293 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Kvar skjer det?