«Aktiv på dagtid» i Hyllestad
Aktiv på dagtid er eit nytt tilbod som fleire i kommunen samarbeidar om. Blant andre fysioterapi, helsetenestene, aktivitetssenter og frivilligsentralen. I første omgang blir det arrangert gåturar i nærområdet. Det er alltid kjekkare å gå i lag med andre, frisk luft og fysisk aktivitet fremjar også den generelle velværa. Kvar måndag er det oppmøte ved kommunehuset der turen går til Lia/Nes. Anne Marit har med stavar til dei som ønskjer. Kle og sko til dagens vær. Ha gjerne med matpakke.
Ta gjerne kontakt med Anne Marit på Aktivitetssenteret om du har spørsmål.
Velkommen skal du vere!
