FATTY SUNROAD + ZIGGY IN THE SKY
FATTY SUNROAD + SIGGY IN THE SKY …på Treskeværket!
- FREDAG 12. MARS:
Fatty Sunroad har base i Volda i Møre og Romsdal og har den siste tida vore svært aktive med mange spelejobbar. Bandet tek musikken seriøst og har store ambisjonar, blant anna har dei spelt inn ein EP ved namn Fat Authority. Fatty Sunroad har etterkvart opparbeidd seg eit namn og spelar stadig på større scener.
Musikkstilen kan kallast “partyrock” eller “glam-core”, eller alternativ tivolimusikk som dei seier sjølv. Ei blanding av Muse, Radiohead og Turboneger. Musikken deira ligg på grensa mellom det kommersielle og det alternative, og dei når ut til ei stor publikumsgruppe. Dette er svært dansbart, og folk står aldri still på konsertane deira!
Fatty Sunroad er; Aleksander Goksøyr – vokal, gitar og munnspel, Audun Håberg – på lead gitar, Odd Magne Brautaset – på bass og Martin Sørvold – på trommer, samt ei søt tamburinspelande korjente.
Heimeside: http://www.fattysunroad.com
MySpace: http://www.myspace.com/fattysunroad
::
Support: ZIGGY IN THE SKY
::
ALDERSGRENSE 18 ÅR! – CC KR. 100,-



