Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff (tysdag 2. februar 2010). Les mer om roperten…

Barnas turlag Kyrkjebø - skileikdag Siplo

Laurdag 6. februar 2010 kl. 12.00, Siplo, Høyanger

Barnas Turlag Kyrkjebø arrangerer skileikdag på Siplo, Høyangerfjellet laurdag 6. februar 2010 som ein del av Kom deg ut dagen i regi av Turistforeninga. Vi samarbeider i år med Gøyanger frys som m.a. skipar til skirenn laurdag og søndag, så her kan det verte livleg i fjellet!

Vårt arrangement er for barn i alderen 0-12 år og tek til kl 1200 ved barnetrekket på Siplo. Scootertransport av utstyr frå p-plassen frå kl 1100. Vi lagar ski- og akebakke, samt skiløype. Ta med ski og/eller akebrett. Fine deltakarpremiar til barna. I skibakken er det påbode med hjelm. Vi lagar til leirbål – ta med grillmat og drikke. Barn skal vere i følgje med foreldre evt. andre vaksne. Medlemskap i barnas turlag er ikkje naudsynt for å vere med, men det vert høve til å teikne medlemskap for dei som ynskjer det. Ta med pass for å få stempel. Dei som har gamle pass, kan få nye.

Vel møtt – håper på gjentaking av fjorårets suksess, med sol og fine forhold og mange fornøgde og aktive barn – og vaksne!

Ansvarleg for arrangementet er Linda S. Solaas og Toril Sværen.

Vist 219 gonger. Følgt av 1 person.

Var du med?

Kvar skjer det?