Kurs i snø og snøskred!
Sogn og Fjordane Turlag Kurs og Fjellsport arrangerer snøskredkurs i Sogndalsdalen siste helga i januar. Kunnskap om snø og forhold som påverkar snølaga er det viktig å ha kjennskap til om ein ferdast i vinterfjellet. Kurset som går over tre dagar tek føre seg viktige emne som snøprofil; korleis snølaga byggjer seg opp gjennom vinteren, kva påverkar snøstrukturen – er den vindpåverka t.d. og kva kan ein kuldeperiode føre til i høve snøskredfare.
Rett ruteval er også viktig om ein tenkjer seg på skitur. Trenden dei seinare åra er at ein tek seg brattare opp og kanskje endå brattare nedkøyring. Dette krev både erfaring og kunnskap i å vurdere kva som er trygg skikøyring. 30 grader bratt er eit omgrep. Men kva er teiknet på det? Det kan og tenkjast at terrenget over deg er brattare, slik at du står i skredløpet.
Kurset gjev og god innføring i bruk av skredsøkjar som hjelpemiddel. Deltakarane får høve til å prøve dette ut i praksis der ein søkjer fram att ein turkamerat under kunnig rettleiing. Søkjestong vert nytta når ein skal gjennomgå eit tenkt skredområde, noko ein også får teste ut. Kva er viktig å tenkje på om ein må inn i eit snøskredområde?
Siste kursdag vert det topptur i ville og vakre Sogndalsdalen. Her får ein teste ut ny kunnskap om snø og skred og ikkje minst gjere rett ruteval for å sikre trygg nedkøyring.
Kurset nyttar Selseng Hytter og Camping på Selseng i Sogndalsdalen som kurs- og overnattingsstad. Instruktør i år er, som dei siste åra, fjellførar Jostein Aasen.
