Riding - Kyrkjebø Rideklubb/Barnas Turlag Kyrkjebø
Barnas Turlag arrangerer ridedag saman med rideklubben på Kyrkjebø søndag 13.12.09. Ridinga startar kl. 15.00. Rideklubben fyrer opp i lavvoen som dei har ved stallen. Dei som ynskjer å grille, tek med mat sjølve. Styret i Barnas Turlag Kyrkjebø spanderer lussekattar, bollar og mandarinar, samt saft til barna og kaffi til dei vaksne. Barn skal vere ifølgje med vaksne. Kle dykk godt, då det kan bli litt venting for å få ri. Rideklubben har ridehjelmar og leier hestane under ridinga, som føregår på nedsida av hovudvegen gjennom Austreim. Ta på dykk refleksvest/refleks, for å vere synleg ved kryssing av hovudvegen i mørkret. Hugs å ta med passet for stempel. Arrangementet er for alle, medlemskap i turlaget er ikkje naudsynt. Velkommen til eit triveleg arrangement i førjulstida!
