Kom-deg-ut dagen - Kyrkjebøstølen
I samband med Kom-deg-ut-dagen arrangerer Barnas Turlag Kyrkjebø fottur til Kyrkjebøstølen. Oppmøte ved bommen øverst i Tronvikfeltet kl 1100. Vi følgjer god sti i bratt terreng gjennom skogen opp mot gapahuken på Naveset der vi tek ein pause. Barnas turlag spanderer saft og kjeks. Deretter går vi opp mot Kyrkjebøstølen. Første delen opp mot stølen er bratt, før det flatar ut eit sykke bort mot stølen. Hugs godt fottøy – stien går enkelte stader gjennom våtmark. På Kyrkjebøstølen vert det moglegheiter for grilling, ta med grillmat. Barnas turlag har med pinnebrøddeig og steiker vaflar. Ungane kan vere med på natursti. Ta med pass for stempel. Barn skal vere i følgje med vaksne.
