Annonse
Annonse
Fjordaglimt

Tips til deg som er ny på Origo

Origo er systemet som ligg i botnen

Origo heiter systemet bak dette nettsamfunnet, og er utvikla i Norge siste halvtanna året. Firda.no fekk vere med frå starten, og har oppretta paraplysona Fjordaglimt.no" som samlar opp alt som brukarane i Sogn og Fjordane lagar, og som dei vel skal vere offentleg. På regionsona var det 1.000 medlemer i midten av juni 2008.

Anten privatpersonar skriv noko på si side, eller ein brukar skriv noko på ein sone, så kan ein til ei kvar tid velje kven som skal få tilgang til den aktuelle teksten eller bileta. Og alt som skjer på regionsonene, som t.d. Fjordaglimt.no, vert synleg for resten av landet på hovudsida Origo.no.

Søk på interesser

Du kan søke på det du er interessert i, for å finne ei sone som passar deg. Når du er medlem i soner, og har knytt kontakt med andre Origo-brukarar, får du ei samla oversikt over aktivitetane deira i Ditt Origo.

Nokre aktive brukarar

Det er vel verd å kikke på biletsamlinga til Knut Solberg med gamle bilete frå Ankerløkken verft i Førde, og av store og små jernbaner og tog (den minste jernbanen er heime i hagen til Solberg).
Video er det også ein del av i Origo, og Alf Vidar Snæland har samla mange i SunnfjordTube.

Mange har oppretta eigne soner for interessefeltet sitt. I Veidemannslosjen skriv Kristian Myrmel om bjørnejakt og anna jakt, og illustrerer med bilete.

Størst aktivitet finn vi hos Roar Gulbrandsen som med si Tankesone har engasjert både unge og gamle i kvardagsfilofosi og livsvisdom. Han har fått følgje av fleire som tek på seg å vere vertskap i sona og har heile 132 medlemer.

Lag og foreiningar

Mange lag og organisasjonar har oppdaga kor nyttig Origo er. Førde Pistolklubb er ein av dei. Origo kan nyttas til reklame for laget, til meldingar og bilete som berre medlemene i klubben skal sjå, og til å dele informasjon som berre styret skal ta del i. Pistolklubben nyttar også aktivt kalenderen for å planlegge aktivitetar.

Dei arrangementa som dei vil ha publikum til blir merkt med “Offentleg”, og vert også synleg i kalenderen på Fjordaglimt.no og i venstrekolonna på firda.no.

Om laget held til i Sogn hamnar sakene også på Sognatreff og på sognavis.no, og i Flora og Bremanger kjen dei på “Kystpuls.no” og på firdaposten.no.

Velforeiningar har også oppdaga Origo-systemet, t.d. Eplehagen vel som brukar sona si til behandling av styresaker, deling av bilete frå felles tilskipingar, informasjon til bebuarane og mykje meir.

Ein del av Hafstadrussen var aktive i russetida på sona Apollo 1337. Sona til Jølster Alpin ligg naturleg nok litt på is i sommar.

Lokalsoner
Du treng ikkje vere med i eit lag eller foreining for å lage sone. Sjekk om det finst ei sone for ditt nærområde. Viss ikkje kan du t.d. gjere som Helle Indrebø. Ho oppretta sone for Hardbakke i Solund.

Starthjelp kan du også få av utviklarane – eller vaktmeistrane som dei kallar seg.

Er det andre som har tips, er det kjempeflott om de skriv dei i kommentarfeltet nedanfor her!

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Dette burde vore oppdatert.

Fjordaglimt

Følgt av 3640 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir