Må vise respekt for arbeidsfolkJan Atle Stang sa noko slikt iflg journalist Knut Magnusen i Firda no på fredag. Eg kan ikkje vere meir enig. I gamle dagar? dvs på 70 talet var det status å vere fagarbeidar. So skjedde det noko utover 80 og 90-talet. Fagskulane var ein slags “oppsamling” for dei som ikkje kom inn på høgare utdanning. Lønene vart og flytta ifrå “fagfolk” til papirflyttarane. Dette er slett ikkje bra. I dei siste åra har fylkespolitikarar og sikkert media og (under Stang?) – ropt at høgt utdanna må kome attende til fylket. Kva med alle andre? Er ikkje dei velkomne. Har vi ikkje bruk for alle? Skal Sogn og Fjordane bli eit trivselfylke må det vere plass til både høgt utdanna og dei som har valgt å gå rett ut i arbeidslivet. Livets skule skal ein heller ikkje kimse av. Lykke til vidare Stang – dette var gode tankar :-)
Vist 32 gonger. Følgt av 1 person. Fjordaglimt
Følgt av 4865 medlemmar.
Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir | ||