Retten til arbeid

Raudt Høyanger meiner asylsøkjarar og flyktningar som ikkje kan returnere til heimlandet, må få rett til arbeid. Andelen av asylsøkjarar som får lov til å jobbe har gått kraftig ned. Årsaka er at det krevst gyldig pass – noko mange av naturlege årsaker ikkje har. Det finst i tillegg svært mange flyktningar som har fått avslag på søknaden, men som ikkje kan returnere.

Raudt Høyanger meiner at regelverket må endrast. Mange flyktningar og asylsøkjarar vil gjerne ”gjere opp for seg” gjennom arbeid. Vi trur dessutan at dette er viktig for at dei verkeleg skal kunne føle seg heime i landet vårt. Og er det ikkje slik at landet vårt på område etter område manglar arbeidskraft?

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Vist 23 gonger. Følgt av 3 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Det er jo en interessant tanke, men reint praktisk: kva arbeid? Kva yrkesbakgrunn har dei, kva språk snakkar dei, kva med sikkerhet – eg tenker på det å forstå opplæring og HMS. Kven skal betale lønn og kor mykje/kor lenge, kva med dei som kan fag som normalt er eiga næring, kven skal lose dei gjennom papirmølla og kva med kundane, sikkerhet her også. Eg forstår ikkje poenget med å gje avslag for så å gje dei all mulighet til å etablere seg her likevel, då burde jo heller vedtaket være ja…

Exclamation_desat_24

Lat dei få “arbeid for føda” . Lær dei opp til å rydde skog . Det fekk vi vel vite at det trengs . Viser da til Dagmar sine ødeleggelser i Jul / Nyttårshelgen . Og når det gjeld å lose dei gjennom papirmølla , så ser det ut som at dei lærer fort å forstå sine rettigheter , men sine plikter vil dei ikke lære !

Exclamation_desat_24

Spørs om det er så smart å sende “uønska” personer med ukjent psyke rundt i skogen med motorsag ;)

Fjordaglimt

Følgt av 4855 medlemmar.

Fjordaglimt – sona der du sjølv set dagsorden og møteplassen for nyhende og sosial kontakt for heile Sogn og Fjordane. Meir om sona

Origo Fjordaglimt er ei sone på Origo. Les meir